Stor leigetakar på plass
Askeladden Boats AS, som har flytta all produksjon til Polen, leiger no ut 2/3 av den 7000 kvm store fabrikken.
– Timinga var perfekt, seier Henrik Askvik, som i vår blei kontakta av det norske milliardkonsernet Beerenberg.
– Vi hadde nettopp bestemt oss for å avvikla den vesle produksjonen vi hadde igjen i fabrikken og den nye leigetakaren kunne tilby jobb til alle dei ni vi måtte seia opp.
Åtte av ni takka ja til jobb hos Beerenberg, som no har flytta prefabrikasjonsavdelinga si frå Kokstad til større og betre lokale i Askvik.
Beerenberg driv innan olje- og gass, har 13 ulike patentar, over 1500 tilsette på verdsbasis og omsette for 1,5 milliardar i 2008.
– Dei tilsette fekk same arbeidsplass, relatert til det dei har lang erfaring med, men med ny logo på kjeledressen. Og vi fekk fylt fabrikken, seier Askvik.
Leiger vekk 2/3
Askeladden-fabrikken er på rundt 7000 kvadratmeter. Etter at også småbåt-produksjonen blei flytta til Polen hausten 2011 brukte Askeladden Boats berre rundt halve fabrikken.
– I tillegg til administrasjon, lager og logistikk har vi hatt litt produksjon saman med montasje av utstyr, opsjonar og motorar, fortel Askvik.
Men etter at Beerenberg tok kontakt skjedde ting fort.
– Dei var effektive så vi fekk det travelt med å flytta ut. Leigetakarane starta å førebu seg på overtaking i mai og kontrakten starta 1. juni.
Framleis 12 i jobb
Båtprodusenten skal framleis bruka 1/3 av fabrikken.
– Administrasjon, lager, logistikk og litt montasje held vi fram med, seier Henrik Askvik, som onsdag reiser til Polen for å besøka fabrikken som no produserer Askeladden.
Opp 27 prosent
Askvik legg ikkje skjul på at delar av båtmarknaden er svekka i forhold til toppåra rundt 2005-2007.
– Skjergardsjeep pg daycruisarar går det langt færre av, men vi har truffe godt med satsinga vår på heilårsbåtar.
– Pilot House-modellane våre står for nesten like stor vekst som dei andre har gått tilbake. Marknaden er nok stabil for også denne typen båtar, men med vår utviding i denne klassen har vi hatt 27 prosent auke i forhold til i fjor på større båtar, seier Askvik.