Næringsliv | 04. aug. 2020

Stor oppsving for Os Bilsenter: På jakt etter meir å selja

– Bilane flyr ut porten, vi kjempar med å ha halda utvalet oppe.

Stor oppsving for Os Bilsenter: På jakt etter meir å selja
Mathias Nystad (t.v.) trivst med høgt tempo hos Daniel Grape sitt bilsenter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2020 12:43

Daniel Grape hadde mål om å selja 100 bilar i året, og å ha rundt 20 bilar i utvalet, då han starta Os Bilsenter på tampen av 2017.

Han landa på 106 selte bilar første heile driftsår, flytta frå heimekontor til butikk i Industrivegen, og dobla bemanninga, utvalet og salet i 2019.

– Vi har selt 132 bilar til no i år. I fjor låg vi på 81 til same tid. Fram til i vår låg vi på 40-50 bilar for sal, no kjempar vi med å koma oss over 30, fortel Daniel.

– Det går ofte berre nokre timar frå vi legg ut ein bil til dei første interessentane melder seg, seier Mathias Nystad.

Ingen pause

Mahias stortrivst i jobben, både med sal, klargjering og turar til Trøndelag og Austlandet for å henta bilar som kan seljast.

Samtidig hjelper han Daniel å sjå etter nye objekt. Koronapausen som starta i mars påverka nemleg ikkje bremsesystemet til bilseljarane.

– Eg har inntrykk av at det sto i ro hos mange forhandlarar nokre veker etter dei strengaste smitteverntiltaka, men ikkje hos oss. No ser det ut til å vera seljars marknad fleire plassar. Normalt ligg det 70.000 bruktbilar for sal på Finn, no ligg det 49.000 bilar ute.

– Det er kanskje eit luksusproblem, når du legg ut ein bil seint på kvelden og har tre interessentar når du vaknar neste dag, men det er òg ei utfordring å ikkje ha godt nok utval, forklarer Daniel.

Vil kjøpa bilen din

Os Bilsenter eig rundt ein tredel av bilane dei sel.

– Vi sel mange i formidlingssal, men kjøper òg inn bilar. Det blir stadig meir aktuelt, og her kan dei som vil selja bilen sin få ein rask avtale.

Butikken prøver å ha ei viss breidde, frå småbilar til varebilar og 7-setarar.

– Lokalmarknaden er god på både kjøp og sal, i tillegg har vi kjøparar frå andre landsdelar. Nokre kjem med fly, andre har lagt inn henting av bil som ein del av ferien.

– Det blir gitt garanti når det er firma som sel bruktbilar, har dette òg vore tidkrevjande, med manglar etter handel?

– Nei. heldigvis ikkje. Vi har gode samarbeidspartnarar i Os, verkstadar som undersøker bilane grundig før vi legg dei ut for sal. Det har vore hovudfokus frå start, å bruka litt ressursar på å unngå negative overraskingar.

Målet i år er å auka frå 200 i fjor til 250 selte bilar i 2020.

– Vi veit jo ikkje korleis hausten blir, men den er ofte betre enn våren, så det ser ut som om vi ligg bra an, seier Mathias og Daniel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.