Lokal | 11. aug. 2019

Store nedbørsmengder i natt

Teknisk eining rykte ut då kumlokk i Industrivegen blei løfta vekk av store vassmengder.

Store nedbørsmengder i natt
For eit år sidan blei det lagt nytt overløp til denne kummen, i natt dansa kumlokket av igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. aug. 2019 08:43

Bildeserie:

Osfest-området då Waterwagon (!) gjekk på scenen 00.30 i går. (Foto: KVB)
Osfest-området då Waterwagon (!) gjekk på scenen 00.30 i går. (Foto: KVB)
I hjørnet av grusbanen rann vatnet som i ein sluk. (Foto: KVB)
I hjørnet av grusbanen rann vatnet som i ein sluk. (Foto: KVB)
Vatnet rann stritt i Giskavollen. (Foto: KVB)
Vatnet rann stritt i Giskavollen. (Foto: KVB)
1 av 3
Osfest-området då Waterwagon (!) gjekk på scenen 00.30 i går. (Foto: KVB)
I hjørnet av grusbanen rann vatnet som i ein sluk. (Foto: KVB)
Vatnet rann stritt i Giskavollen. (Foto: KVB)

Etter ein varm og fin ettermiddag kom fleire store regnbyger laurdag kveld, noko som blant anna prega Osfest frå 21-tida

I 00.30-tida auka det på, og klokka 1 fekk politiet melding om store mengder vatn og mogleg maglande kumlokk i Industrivegen.

Teknisk eining i Os kommune blei varsla.

– Kumlokket var av. Vi la det på igjen og sette opp ein vass-avvisar, i tilfelle det skulle gå av igjen, opplyser teknisk vakt.

Det blei lagt nytt overløp til vegvesenet sin kum i fjor haust, men dette var tydelegvis ikkje nok for mengdene som kom i natt.

Det regnar framleis i Os, men verken teknisk eining eller brannvesenet har fått fleire meldingar om problem som følgje av nedbørsmengdene.

Det er meldt regn gjennom heile søndag og måndag fram til 11-tida. Då skal det bli opphaldsvêr fram til onsdag midt på dagen.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm side om side (VG Pent)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.