Næringsliv | 18. mars 2011

Storkontrakt til NDM

NDM skal levere komplett vinsjpakke til finsk cruisferje.

Storkontrakt til NDM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2011 22:56

Norwegian Deck Machinery (NDM) fekk fredag kontrakt med STX Finland Oy på vinsjpakke til Viking Line si nye cruiseferje. Skipet skal byggast ved Turku-verftet og har ein pris på cirka 240 millionar euro, altså rundt 1,9 milliardar kroner.

- For NDM er dette ein prestisjekontrakt, dette viser at våre produkt blir godkjent og føretrekt av stadig fleire rederi. Dette er ein av dei største enkeltkontraktane vi nokosinne har inngått og det største skipet vi nokosinne har levert til, seier salssjef Sverre Mowinckel-Nilsen i NDM.

Cruiseferja får ei lengde på 210 meter og ein kapasitet på 2800 passasjerar. Den skal vera ferdig bygd i starten av 2013.

Miljøvenleg skute

Den nye cruiseferja, som skal gå i rute mellom Stockholm og Turku, blir det mest miljøvenlege store passasjerskipet som er bygd til no.

Ferja skal bruka LNG som drivstoff, og får ingen marine utslepp og minimale luftutslepp.

- Vi gav tilbod på ein frekvensstyrt elektrisk vinsjpakke, eit system som er heilt i tråd med dei høge krava Viking Line har stilt til alt utstyr til nybygget, seier dagleg leiar i NDM, Jarle Sørstrønen.

Fokus på rekruttering

NDM, som blei gaselletopp i 2009 og hamna på 3. plass i Hordaland i 2010, ser lyst på framtida. Etter ei noko roleg tid på verfta ser det no ut til å bli høgare aktivitet.

- Vi held på med fleire spennande prosjekt som vi håper på å få kontrakt på i løpet av dei nærmaste månadane.

- Fokuset framover blir på rekruttering av nye medarbeidarar, seier Sørstrønen.

Kontrakten i Finland gjeld i utgangspunktet for eitt skip, men den innheld også opsjon på eit søsterskip.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.