Politi | 30. juni 2023

Støvsugd tom for fartssyndarar?

Fangst på «favorittplassen» var null. Men UP sto to plassar.

Støvsugd tom for fartssyndarar?
UP på vekta på E39 Halhjemsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. juni 2023 08:58

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll i 70-sona på E39 Halhjemsvegen i går.

Det plar gi resultat, gjerne 10-15 per økt, gjerne fleire dagar på rad, men også opp i over 20 og over 40 per dag.

I går sto dei ein time utan å ta éin som køyrde for fort.

Men i forkant, i 12-tida, sto dei på gamle E39, på Byvegen ved Storestraumen.

– Der blei det to forenkla forelegg for fart og eitt gebyr grunna manglande bilbelte, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste fart blei målt til 89 km/t. Det resulterer i 6.700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.