Politi | 06. juni 2023

UP skreiv ut 14 forelegg på E39

Nok ei økt med større fangst.

UP skreiv ut 14 forelegg på E39
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. juni 2023 09:24

Måndag formiddag hadde utrykningspolitiet fartskontroll på vekta på E39 Halhjemsvegen.

– 14 forenkla forelegg blei skrive ut, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste målte fart var 88 km/t i 70-sona.

Det fører til 6.700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

UP har hatt fleire kontrollar med mange forelegg dei siste månadane.

Midtsiden fekk ikkje tak i politiet i samband med MC-ulykka på Strøno i går.

I dag opplyser Birkeland at det var to personar på motorsykkelen, ein mann og ei kvinne i 30-åra.

– Det er mogleg at motorsykkelen har køyrd inn i ein lyktestolpe. Førar blei køyrd til Haukeland, passasjer blei transportert til legevakt.

Det er oppretta sak og rutinemessig tatt blodprøve av førar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.