Politi | 01. apr. 2023

Tok over 40 fartssyndarar i påskeutfarten gjennom Os

Hadde fire fartskontrollar i går.

Tok over 40 fartssyndarar i påskeutfarten gjennom Os
UP og lokalt politi hadde kontrollar både kvar for seg og saman i går. Her saman på vekta i 22-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. apr. 2023 06:45

UP og lokalt politi hadde fleire fartskontrollar i går, både kvar for seg og saman.

Tre av fire var på E39 Halhjemsvegen.

– Vi sto på vekta i 70-sona tidlegare i dag. Då blei det 12 forelegg, fortel Kjetil Drange, tilbake saman med lokalt politi på vekta i 22-tida.

Høgaste fart blei målt til 86 km/t i 70-sona, noko som resulterer i 6.700 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Andre økt på vekta blei mindre travel.

– Vi har stoppa éin til no, så vi flyttar oss kanskje til ein annan stad, sa Drange, minuttet før han vinka inn bil nummer to.

Tidlegare på dagen hadde dei stått på E39 i 80-sona mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

– Der var det mange som køyrde for fort, vi skreiv ut 28 forelegg. Men det blei ingen førarkortbeslag.

Høgaste fart var 102 km/t. Det førte til 9.100 i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

I 23-tida hadde politiet flytta seg til Lyseklostervegen i krysset med Sperrevikvegen.

Der blei det skrive ut fire forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 69 km/t i 50-sona, noko som resulterer i 7.800 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

25 trafikantar blei sjekka for promille. Alle var edru.

I alt blei det skrive ut 46 forelegg i Os i går.

– Vi ønskjer å halda eit auge med påskeutfarten, og har plan om fleire kontrollar seinare i ferien, seier Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.