Støy og uro er ein del av eit levande demokrati
Eg kan ikkje tenka meg at dette innlegget ikkje har vore lest gjennom av ordføraren før det gjekk i trykken.


Eg vil først takka Hans Ingebrigtsen for eit fint innlegg om det politiske ordskiftet i Bjørnafjorden kommune.
Innlegget slik eg ser det handlar i bunn og grunn om kva demokrati vi vil ha her i Bjørnafjorden kommune.
Hans ynskjer mindre debatt om viktige sakar. Han ser ut til å stor tiltru til den både politiske leiinga og kommunaldirektøren i kommunen.
Der er eg ikkje einig med Hans.
Særleg etter å ha lese kronikken til kommunedirektøren om organiseringa av tilbodet til dei eldre.
Dette er slik eg ser det eit særs politisk innlegg som berre peiker på ein løysing for korleis vi kan handtera eldrebølgen som både Hans og eg er ein del av.
Slik skal etter mitt syn ikkje kommunedirektøren analysera ein så viktig sak. Det finnes andre måtar å organisera eldrearbeidet i framtida enn det han peikar på. Det vil eg ta for meg i eit seinare innlegg.
Innlegget til kommunedirektøren må ha vore politisk godkjent.
Eg kan ikkje tenka meg at dette innlegget ikkje har vore lest gjennom av ordføraren før det gjekk i trykken. Då burde det ha vore underskreve av han, ikkje av kommunedirektøren.
Men slik eg ser har den politiske leiinga ein klar mediestrategi. Dei står fram med gladsakar, men held munn utad i dei vanskelege sakane.
Ein kan til dømes undre seg over kvifor ein nesten aldri ser innlegg frå Høgresida i Bjørnafjorden i det offentlege ordskiftet.
Det ser ut til at kommunestyregruppene deira har munnkurv. Det er eit dårleg demokrati.
Enda eit døme på tette band mellom kommunedirektøren og den politiske leiinga.
Kommunedirektøren hadde ein fin utgreiing då hotellsaka vart lagt fram til 1. gongshandsaming i Utval for Plan, Bygg og Miljø. I utgreiinga peika han klårt på alle dei negative sidene med dette prosjektet slik det no framstår – og det var mange.
Likevel tilrår han at prosjektet vert sendt ut til høyring. For meg er dette heilt uforståleg.
Igjen – han må ha snakka med ordføraren.
Det einaste positive var at vi skulle få eit fint byrom der nede mellom blokkane og eit svært høghus. Vi hadde ein gong eit fint byrom i sentrum, men der kom det også opp eit bygg som aldri skulle vore der.
Det er det dagens politiske fleirtal som har ansvaret for.
Knut Natvik


