Strålande arbeid med Os Idrettspark
Denne helga har Kuventræ blitt sprøyta raud.
Bildeserie:
Bygginga av Os Idrettspark har gått i rekordfart - fram til behovet for opphaldsvêr kom.
Les òg: Gras søker sol
Men i førre veke blei sportsdekke lagt på det asfalterte friidrettsområdet, og i helga har dekket fått farge.
– Arbeidet starta fredag og dei skal vera ferdige seinast tysdag, fortel dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.
Torsdag kjem kunstgraset
Kunstgraset kan ikkje leggast før friidrettsbanen er ferdig spraymala, for då vil kantane på graset bli raudt.
– Kunstgraset kjem torsdag 25. juni og blir lagt så snart som mogleg. Vi håper på fint vêr også i vekene som kjem.
I førre veke blei den gamle fotballkiosken plassert ved kastfeltet, her har det også kome forskaling til brakkene som skal bli lager og klubbhus for brukarane av Os Idrettspark.
Brakkene er kjøpt av Vestafjell og har det siste året vore brukt som midlertidige klasserom på Lysekloster.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.