Næringsliv | 19. okt. 2020

Styrer mot rekordår - gjer endringar

Dysvik Clothing utvidar opningstidene og endrar innhaldet i butikken.

Styrer mot rekordår - gjer endringar
Dysvik Clothing satsar hardt inn mot jula. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 19. okt. 2020 19:54

Dysvik Clothing satsar på klede til unge vaksne og tek fleire grep for å skapa meir handel hos seg sjølv og elles i sentrum.

Nokre av grepa handlar om innhald, andre om den berømte opningstida.

– No utvidar vi opningstidene i kvardagane frå klokka 18 til 20. Vi ønskjer å skapa meir trøkk fram mot jul, og håper at dette kan bidra til at folk nyttar seg meir av handel i Os sentrum generelt, seier Kay-André Dysvik.

Kvittar seg med Outlet

Dysvik har den siste tida hatt ein eigen outletavdeling. Den blir no avslutta.

– Vi oppnådde ikkje heilt det vi ønskte med denne avdelinga.

– For å ha ei interessant outletavdeling, er vi avhengige av å eit visst omløp på desse varene. Her vart ikkje det heilt den utskiftinga av varer som er naudsynt for å gjera dette til ein interessant avdeling.

Inn med ny herreavdeling

Det som no skal fylla den tidlegare outletavdelinga, er eit nytt satsingsområde for merkevarebutikken.

– Vi skal starta med ei større satsing på herrar. Her får du ikkje berre klede, men òg litt tilbehør, som til dømes barberingsutstyr.

– Dette er noko vi har stor tru på og gler oss til å setja fart på, seier Kay-Andrè.

Ny herreavdeling med fleire typar innslag av interiørprodukt frå Nordisk rom. (Foto: ØH)
Ny herreavdeling med fleire typar innslag av interiørprodukt frå Nordisk rom. (Foto: ØH)

Interiør frå Nordisk Rom

I tillegg til å vera ein motebutikk med hovudfokus på klede til både herrar og damer, kjem Dysvik no til å selja ulike interiørartiklar vi tidlegare fann hos Nordisk Rom, som nyleg blei selt.

– Vi kjem til å ha ein miks av litt mindre interiør, ikkje møblar, men småvarer som såper, koppar og liknande, seier Tanya Dysvik.

Tanya Dysvik gler seg over ny satsing. (Foto: ØH)
Tanya Dysvik gler seg over ny satsing. (Foto: ØH)

Handel i utvikling

Dysvik ser ut til å vera ein butikk som er tilpassingsdyktig.

– Det er viktig for oss å leggja til rette for handel i sentrum. Det er ulike vanar og ulike behov, vi må uansett prøva å treffa dette på best mogleg vis.

Trass korona og fleire typar utfordringar, kan Dysvik skilta med rekordår allereie.

– Vi har allereie selt betre enn fjoråret, så rekorden er i boks. Får vi eit godt sal inn mot jul og nyttår vil dette sjå veldig bra ut, avsluttar Kay-André.

Eit godt utval på interiørproduktar. (Foto: ØH)
Eit godt utval på interiørproduktar. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.