Lokal | 04. mai 2019

Svane-matarar føler seg uglesett

– Det vi held på med er greit, seier Evy og Åse, og får støtte av ornitolog.

Svane-matarar føler seg uglesett
Evy Søfteland (t.v.) og Åse Tvedt er blant fleire damer som mater svanene med fast frekvens. No trappardei ned for sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mai 2019 19:35

Tysdag kveld rykte politiet ut på melding om ein aggressiv mann. Mannen skal ha irritert seg over at nokre damer mata svanene, noko han meinte er ulovleg.

Mating av svanene i Os hamn har vore omdiskutert etter at knopsvanehannen med kallenamnet «Hamnesjefen» blei avliva.

Damene som var involvert i episoden fortel om korleis dei opplevde kvelden - og alle kommentarane som kom i etterkant.

– Vi kan kort fortelja at vi opplevde han som svært aggressiv. Eg kan ikkje hugsa at eg har vore så redd før. Han tok òg tak i Evy, røska frå ho brødposen og kasta den på sjøen, fortel Åse.

– Han truga òg med å «setja hunden sin på oss» om vi ikkje slutta å kasta brød til fuglane, og sleppte laus hunden, men den blei distrahert av ein hund som nokon utanforståande hadde med seg, seier Evy.

Dei har no vore til politiet for å melda mannen.

Men det er ikkje denne episoden åleine dei synest er ubehageleg.

Vil trappa ned

Åse og Evy er blant fleire som mater svanene og måsane fast. Måsane får mat ytst på moloen, for ikkje å uroa svanene eller skita på bubilane. Svanene får mat inne ved bubilcampen.

– Det har kome mange ufine kommentarar på artikkelen, og vi får fleire elles i året òg, frå folk som er negative til at vi mater svanene. Ingen kan nekta oss å mata ville dyr. Folk matar fuglar over heile verda.

– Men kan ikkje dette med å lokka til seg mange konkurrentar til knopsvanen som hekkar her, gjera han meir hissig?

– Sidan situasjonen i Os hamn har vore spesiell, har vi rådført oss med ornitolog. Vi står lengst mogleg vekke frå reiret, som ligg oppe i Oselvo, og ein stad svanene ikkje kan gå på land, i tilfelle nokon er skeptisk til at dei kjem for nær folk.

– Og vi trappar gradvis ned for å gi oss for sesongen rundt 17. mai, i god tid før klekking, fortel Åse.

– Sunt og greit å mata fuglar

Ornitolog Arild Breistøl kjenner Hamnesjefen-saka godt, både etter å ha uttalt seg i den lokale boka om Hamnesjefen, i samband med den omstridde avlivinga i 2017 og på «stormøte» om svanene i april 2018.

– For det første; det å mata fuglar har i fleire grundige undersøkingar vist seg å vera veldig sunt for menneske. Det er god avkopling og kan samanliknast med ein tur i skog og mark.

Han synest mating av svaner er greit, også i Os, men at det er naturleg å trappa ned på våren.

– For det andre; mykje har endra seg dei sise to åra. Bestanden av knopsvaner har auka veldig i Hordaland, og vi kan nok venna oss til å sjå store flokkar med svaner i omrdådet i åra som kjem. Vi kan òg rekna med at dei gradvis forsvinn frå område der andre hekkar, no når det nærmar seg klekking. Enkelte vil koma tilbake og prøva seg, men bli jaga vekk av hekkande hann.

– Det er ikkje alle som hekkar, og desse flyttar på seg. Rundt 30 av svanene som ofte er i Os finn vi òg i Byparken. Ringmerking viser at det er dei same. Eg har diskutert mating med Bergen kommune, som ikkje har forbod mot dette i parken i Bergen sentrum.

– Åtferda til båtfolket og hundeeigarar er nøkkelen

Breistøl meiner mating av svaner, eit godt stykke frå reiret, ikkje skal gjera hekkande hann ekstra hissig.

– Knopsvaner blir sett ut i parkar fleire stadar i verda, fordi dei er tamme. Samtidig er dei territoriale, og dei beskyttar ungane sine, men så lenge folk held fornuftig avstand skal folk og knopsvanar kunna leva fint saman.

Den rekordvarme sommaren i fjor førte til eit yrande liv i Os hamn, men så vidt vi kjenner til lever den nye «Hamnesjefen» med familie i harmoni med dei travle omgjevnadane.

– Alt tyder på at båtfolk er nøkkelen. Om dei oppfører seg, så blir ikkje svanene hissigare enn meir nærgåande enn dei er i dag. I tillegg er det viktig at hundeeigarar rettar seg etter bandtvang. Førre knopsvanepar hadde møte med hund både ved reiret sitt og i sentrum. Angrep frå hund kan vera med på å gjera at svanefar blir ekstra på vakt.

– Uansett skal det ikkje vera noko i vegen for at svanene blir mata, spesielt ikkje om den systematiske matinga blir trappa ned no før ungane kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.