Svar på innlegg av Laila Reiertsen (Frp)
Eldreomsorg: Nokon trur på nissen, nokon trur på «ingenting», og andre igjen trur på alt - spesielt når det kjem i den rette innpakninga.
Punkt 1: Vi i Arbeidarpartiet gler oss over å endeleg ha fått Frp, Høgre og Venstre til å snu i kjøkkensaka. Det må det aldri vera nokon som helst tvil om! For dette handlar ikkje om oss politikarar - det handlar om bebuarane og tilsette på sjukeheimen.
Punkt 2: Laila Reiertsen frå Frp seier i sitt lesarinnlegg i Os & Fusaposten og på Midtsiden denne veka at FRP har venta slik på å få setja i gang med kjøkken på Lurane.
Sitat: Vi, og særs oss i Frp, har vore tolmodige lenge når det gjeld eige kjøkken på Lurane.
Då er det «rimelig fantastisk forunderleg» at dei ikkje har støtta opposisjonen med TVS og AP i spissen med å byggja kjøkken allereie frå start!
Det har vore fremja både under planlegging, prosjektering og bygging av sjukeheimen. Og det har ved kvart einaste budsjettframlegg, og ved fordeling av SIO midlar, blitt nedstemt!
Kvar einaste representant frå Frp og kvar einaste representant frå Høgre har stemt imot kjøkken i årevis!
Dette uavhengig av beløp på framlegga om kartlegging, bruksområder og forprosjekt. Er det det same som å vera tolmodig?
Ja, ja - nokon vel å tru på nissen, nokon trur på «ingenting» og nokon trur på alt - spesielt når det kjem i den rette innpakninga.
Eg meiner at dei mest tolmodige - det er dei som bur og jobbar på sjukeheimen!
God jul! Nyt gode dagar, ver snille med kvarandre, vis respekt og ver rause.
Trine Lindborg
Bjørnafjorden Arbeidarparti
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.