(Foto: Douwe Bijlsma/privat/Instagram)

Sverre og Ingunn skal gifta seg!

Søndag gjekk han ein støvande 5000 meter, i går delte han bryllaupsplanar på Instagram.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Trass sjukdom i slutten av oppkøyringa har Sverre Lunde Pedersen gått fleire gode løp i dei fire første (av seks) verdscuprundane.

I andre runde i Japan blei det 2. plass på 5000-meteren, tilbake i Europa har det vore éin runde i polske Tomaszov (2. plass i lagtempo, 5. plass på 1500 meter og 5. plass på 10.000) og, no i helga, fjerde verdscup for sesongen i Heerenveen (Nederland).

– Eg kjenner at formen er stigande. Dette er kanskje det beste løpet eg har gått til no denne sesongen, seier Sverre til Midtsiden.

Han gjekk i par med russiske Danila Semerikov, som gjekk uventa bra (6.08,96) og vann. Patrik Roest og Sven Kramer tok 2. og 3. plass, mens Sverre si tid 6.11,63 heldt til 4. plass.

Skal gifta seg i mai

Sesongen held fram med NM allround i Arendal 29. og 30. desember,EM i Italia andre helga i januar, verdscup i Vikingskipet første helga i februar og VM enkeltdistansar i Inzell helga etter.

Etter VM allround første helga i mars og verdscupfinale helga etter vil Sverre få det travelt med bryllaupsførebuing.

Det blei kjent via Instagram tysdag, då Sverre posta innlegget over til sine over 7000 følgjarar.

«In 5 months this beautiful girl will be my wife» skriv Sverre, og taggar 18. mai og som dato.

– Eg fridde før eg reiste til Japan, men vi har halde det internt i familiane våre fram til første del av verdscupen var over, fortel Sverre.

– Kvar skjedde det?

– Eg hadde tenkt på dei ei stund, men er så lite heime at eg ikkje kjøpte ringen før same veke. Eg hadde òg tenkt på ulike stadar og måtar å gjera det på, men det enda med at eg fridde heime. Det blei likevel romantisk stemning og ei veldig fin oppleving.

Bryllaup i Os og Fana

Den beautifulle jenta er sambuar Ingunn Trædal frå Fana. Dei to møttest i 2015-2016-sesongen.

Ho er ingeniør og jobbar hos Bergen Vann, og hadde aldri sett skøyteløp før ho blei saman med idrettsstjerna frå Os.

– Når jeg går bananas, roer Sverre meg ned, sa Ingunn i intervju med Aftenposten under OL tidlegare i år.

Bryllaupsdatoen er sett, det er også stad for vigsle og fest.

– Vi skal gifta oss i Fana kirke, mens festen blir på Oseana Kafé og Restaurant.

Ingunn har valt to av bestevenninnene sine som forlovar, Sverre har valt barndomskameraten, tidlegare klassekamerat og lagkamerat, Børge Borgen.

Fleire saker