Sport | 05. jan. 2024

Sverre og Norge sette verdsrekord

Vann EM-gull i Heerenveen på tidenes beste tid.

Sverre og Norge sette verdsrekord
Lagkaptein Sverre Lunde Pedersen (t.v.), her saman med Kongshaug og Dahl Johansson, gjekk inn til bronse i VM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. jan. 2024 20:08

Sverre Lunde Pedersen er tilbake i god form, og starta sesongen med 5. plass på tre av tre 5000 meterar i verdscupen.

I lagtempo starta han og resten av det norske laget med verdscupgull og banerekord i Japan.

No er det EM, og i kveld har Norge gått lagtempo igjen.

Der gjekk Sverre Lunde Pedersen, Sander Eitrem og Peder Kongshaug inn til gull og verdsrekord.

– Noko av det sprøaste eg har sett på ein skøytebane, seier skøyteekspert Ida Njåtun på VGTV, som har dei norske TV-rettane til årets skøytesesong.

I VM i fjor, som òg gjekk i Thialf i Heerenveen, var Allan Dahl Johansson vikar for Sander Eitrem.

Då gjekk dei inn på 3.40,93 og landa på 3. plass. Vinnartida var 3.38,36.

I dag gjekk dei i mål på rekordtida 3:34.22.

Italia tok sølv, Nederland bronse.

  • I januar 2022 var Sverre med på å setja banerekord i lagtempo i Heerenveen med tida 3:38.920.
  • Norge tok OL-gull i samme øving i Kina i 2022, også då med Pedersen og Kongshaug på laget.
  • Sverre var med på å gå inn på 3:36.398 i verdscup i desember 2021, noko som den gong var ny, norsk rekord. Som junior var han med på å setja fleire verdsrekordar i lagtempo.

Sverre skal òg gå 5000 meter i EM. Den startar klokka 15.29 laurdag.

– Begge delar blir spennande. Også siste verdscup i lagtempo blir ein thriller. Der er vi tre nasjonar som no står heilt likt, og det er lagtempo i berre éin av dei to siste verdscuprundane, sa Sverre til Midtsiden rett før jul.

Årets sesong

Meisterskap:
EM i Heerenveen 5. til 7. januar
NM allround i Vikingskipet 12.-14. januar
VM enkeltdistansar i Calgary 15. - 18. februar
VM allround og sprint i Inzell 7. til 10. mars.

Verdscupkalenderen:
10. - 12. november: Obihiro, Japan
17. - 19. november: Beijing, Kina
1. - 3. desember: Stavanger
8. - 10. desember: Tomaszów Mazowiecki, Polen
26. - 28. januar: Salt Lake City, USA
2. - 4. februar: Quebec, Canada

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.