Politi | 21. juni 2021

Svingte av rullebanen under oppbremsing

Supercub-en hamna utfor rullebanen på Vaksinen.

Svingte av rullebanen under oppbremsing
Os Aeroklubb sin «supercub» hamna utfor rullebanen i dag. (Foto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. juni 2021 13:45

Klokka 14.20 i dag blei politiet varsla om uhell på Vaksinen flyplass.

– Eit fly har sklidd ut etter landing. Det er ingen personskade, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

(Foto: Midtsiden)
(Foto: Midtsiden)

Operativ leiar i Os Aero Klubb, Tore Øvreeide, var på flyplassen kort tid før uhellet skjedde, og returnerte då meldinga kom.

– Han skal ha landa som normalt, men eitt eller anna har skjedd under oppbremsing som gjorde at flyet svingte ut til sida.

– Piloten er ein vaksen og erfaren mann. Kva som skjedde er foreløpig uvisst. Han er heldigvis uskadd.

Også flyet er utan synlege skadar.

Bildeserie:

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Supercuben er bygd i 1959 og kom til Os i 1983. Her under ei landing tidlegare i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Supercuben er bygd i 1959 og kom til Os i 1983. Her under ei landing tidlegare i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Supercuben er bygd i 1959 og kom til Os i 1983. Her under ei landing tidlegare i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Men flyet står på ei myr. No gjeld det å få det tilbake igjen på flystripa utan å gjera skade på det.

Det er slepeflyet LN-KCM som er involvert, ein Piper Cub «Supercub» bygd i 1959, kjøpt inn til klubben i 1983.

Flyet har plass til to, men det var berre piloten om bord då uhellet skjedde.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

– Politiet har vore her. Dei har sagt at dei ikkje opprettar sak. Det gjer heller ikkje Flyhavarikommisjonen.

– Men vi skriv no ein rapport til Luftfartstilsynet, som regisrerer dette som «ei hending», seier Øvreeide.

Foto: Midtsiden
Foto: Midtsiden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.