Sport | 25. mars 2021

Ser tilbake på 2020 med luftig video

– Enklare å fly enn eg trudde.

Ser tilbake på 2020 med luftig video
Os Aeroklubb ser tilbake på 2020. (Foto: Thomas Aas)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mars 2021 11:36

Thomas Aas (50) er nesten for nybyrjar å rekna. Han fortel at han alltid har vore fascinert av det å fly, men tok overgangen frå modellfly til sjølv å ta seglflysertifikat først for fem år sidan.

– Eg kom i snakk med ein seglflygar og fekk meg ein tur i lufta, då var eg hekta, fortel Thomas.

Flysporten var pandemistengt frå påske til mai i fjor, og det var færre konkurransar. Men aktiviteten i 2020 blei samla sett høg.

– Fjoråret er blant dei beste vi har hatt når det kjem til rekruttering. Det var 12 elevar på kurs og 6 som fekk sertifikat. No startar sesongen igjen til helga, og denne våren har vi allereie 8 elevar, fortel opplæringsansvarleg Ingebjørn Aasheim.

God trening - stor inspirasjon

Sommaren 2020 var det færre konkurransar, men ei samling på Elverum samla 30 deltakarar. 7-8 av dei er frå Os, som i tillegg stilte med eit par instruktørar.

– Dei kom tilbake med voldsom entusiasme, nesten som om dei var nyfrelste, seier Ingebjørn og ler.

Også Thomas var med, og tok kurs i akrobatikk. Han har dessutan vore på kurs i fjellflyging over Vågå.

– Dei kallar det «bølgeflyging». Når luft har kome over fjellet og kjem ned til låglandet, skaper det ofte bølger i lufta som forplantar seg veldig høgt, som seglfly kan klatra på. Sjølv kom eg til 5000 meter, andre kom endå høgare, fortel Thomas.

Opp-ned over flat mark på Austlandet. (Foto: Thomas Aas)
Opp-ned over flat mark på Austlandet. (Foto: Thomas Aas)

I videoen i øvste rute ser du han opp-ned både på Austlandet og over Hatvik og Bjåneshalvøya. Over Hatvik hadde han med seg niesa Nelly.

– Vi driv med akrobatikk på Os òg. Elevane får fly både i stup og loop.

– Ikkje berre fordi det er gøy, det gir god sjølvtillit og viktig trening om noko brått skulle oppstå, at du treng å ta ein litt hard manøver, forklarer opplæringssjefen.

Frå 13 til 70 år

Os Aeroklubb fyller 75 år i år. Fleire profesjonelle flygarar har hatt sine første flyturar i seglfly med slep frå Vaksinen flyplass på Ulven.

Auka rekruttering er resultat av ei bevisst satsing frå klubben si side.

– Vi såg at fleire individuelle idrettar og hobbyar, som vår sport, mangla påfyll av ungdomar. For at klubben skal bestå i nye 75 år, er det viktig at vi legg til rette for at nye, unge flygarar veks opp, seier Ingebjørn.

No gler han seg over resultatet. Fleire av dei nye er tenåringar, 6 av årets til no 8 elevar er under 25 år.

– Elevane vi har hatt er frå 13 til 68 år. Sistnemte er tidlegare flygesjef i Norwegian og ville ha seglfly som hobby som pensjonist. Han er no 70 år og aktiv i lufta, fortel Aasheim.

Thomas Aas synest det var rimelegare og enklare å ta sertifikat enn han hadde rekna med.

– Eg køyrer halvannan time frå Alvær til Vaksinen, og opplevinga er verdt bilturen! Eg synest i grunnen det er rart at ikkje endå fleire driv med dette, og osingane er heldige som har desse fasilitetane i eiga heimbygd.

Slep i solnedgang. Søre Neset og Søre Øyane over venstre ving. (Foto: Thomas Aas)
Slep i solnedgang. Søre Neset og Søre Øyane over venstre ving. (Foto: Thomas Aas)

Bygger 3D-simulator

Normalt tar det to år å få sertifikat.

– Det er godt mogleg at alle dei 8 elevane vi har no får sertifikat til hausten.

– Nokre av elevane våre har ambisjon om seinare å koma inn på Luftforsvarets flygeskole. Seglfly er ein god start. Det er dessutan ein sunn og god hobby for ungdom, vil du bli pilot må du ha gode haldningar og fint rulleblad.

No jobbar klubben med å bygga ein flysimulator med 3D, så du kan sitja i klubbhuset på Vaksinen og øva deg.

– Skal vi halda på ungdomen så gjeld det å tilby kontinuitet. Ein simulator kan vera god å ha på regntunge sommardagar og gjennom haust og vinter, seier Aasheim, klar for sesongstart på eit anlegg som i fjor fekk ny hangar.

– Det var kjekt å sjå ansiktsuttrykka på niesa mi, seier Thomas.
– Det var kjekt å sjå ansiktsuttrykka på niesa mi, seier Thomas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.