Sport | 22. mai 2021

Jaktar på 28 unge pilotar til sommarskule

– Vi har god rekruttering om dagen, med sommarskulen får vi plass til endå fleire.

Jaktar på 28 unge pilotar til sommarskule
Nikolai Døsen Pontoppidan (t.v.) og Pål Rye Aasheim står på stand på Osøyro i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. mai 2021 10:04

I mars fortalte Ingebjørn Aasheim frå Os Aero Klubb om god rekruttering, særleg blant ungdom. No kan klubben få endå fleire unge pilot-aspirantar.

Klubben er nemleg blant dei 18 som får støtte via kommunen til å gjennomføra sommarskule for ungdom.

– Vi stortrivst med sporten, og då vi sendte snap frå treningsleiren på Elverum i fjor, kom det fire nye ungdomar til Vaksinen på Ulven, fortel Pål Rye Aasheim.

Han fyller 19 år i år, og står på stand på Osøyro med den to år yngre klubbkameraten Nikolai Døsen Pontoppidan.

– Klubben skal ha gratis sommarskule for nybyrjarar i ungdomsskulealder. Vi håper å møta nokre av dei her i sentrum i dag.

Frå Midtsiden sitt kontor såg standen ut som årets presisjonslanding. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frå Midtsiden sitt kontor såg standen ut som årets presisjonslanding. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nikolai er tredje generasjon seglflygar, og skal sjølv ha oppkøyring i sommar.

– Det er ein kjekk hobby, og det kan vera starten på ein karriere, om du vil bli pilot.

Sommarskulen blir arrangert to gongar, og har plass til 14 deltakarar per veke, den siste veka i juni og den første i juli.

Deltakarane får både teoretisk undervising, fly seglfly med instruktør og prøva å fly sjølv i simulator.

Om dei vel å halda fram med sporten, får dei turane godkjente som del av flygarutdanninga.

Deltakarane på sommarskulen får fly med instruktør. Her er ein ferdigutdanna på tur over Møsnuken i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Deltakarane på sommarskulen får fly med instruktør. Her er ein ferdigutdanna på tur over Møsnuken i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.