Politi | 17. juni 2023

Sykkeluhell på Moberg

Ramla over autovern natt til laurdag.

Sykkeluhell på Moberg
UHELL PÅ MOBERG: Det blei ei kort utrykking for politi og helse i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. juni 2023 10:23

Natt til laurdag, mellom klokka 01 og 02, fekk politiet melding om eit sykkeluhell.

– Ein gut i tenåra hadde køyrd utfor vegen og ramla over eit autovern, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Uhellet skjedde i rundkøyringa på Moberg, altså omtrent på tomtegrensa til blålysetatane.

Ambulanse, legebil og politi rykte ut.

– Årsaka til uhellet skal ha vore at han svingte unna eit dyr.

Skadeomfang er ikkje notert i loggen, og ukjent for politiet. Det er heller ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.