F.v.: Ulrikke Brandstorp, Filip Bernard Jensen, Atle Pettersen, Kate Gulbrandsen og Eirik Søfteland. (Foto: NRK)

Syng barndomsfavoritt på Beat for Beat

Fredag er Eirik Søfteland del av NRK si gullrekke igjen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag er Eirik Strønen Søfteland ein av fire gjestar hos NRK Beat for Beat. Den tidlegare Idol-finalisten (2013) og Skal vi danse-vinnaren har vore med éin gong tidlegare, i 2015, då med sambygding Gina Aspenes som «motstandar» ved nabopianoet.

• Les òg Gina vs Eirik på Beat for Beat

– Programmet blei spelt inn i vår, og det var veldig kjekt å vera tilbake. Sist eg deltok var Ivar Dyrhaug programleiar. Eg var òg med i sendinga der han blei takka av, seier Eirik til Midtsiden.

Ny programleiar er som kjent Atle Pettersen.

– Eg har hatt ein del med Atle å gjera i andre samanhengar. Han er ein veldig dyktig fyr. Å overta etter Dyrhaug er store sko å fylla, men eg synest han klarer seg veldig bra!

På lag med Kate

Dei tre andre gjestane denne veka er Ulrikke Brandstorp, Filip Bernard Jensen og Kate Gulbrandsen.

Ulrikke var Idol-semifinalist same år som Eirik, men det er Gulbrandsen som er på Søfteland sitt lag denne kvelden.

– Eg synest NRK er flinke til å setja saman gjestane i lag. Eg veit ikkje om dei var klar over det, men eg møtte Kate på Allsang på grensen litt før vi var i studio hos NRK, og vi fann tonen.

Kate Gulbrandsen blei landskjent då ho i 1987 vann Melodi Grand Prix med låten «Mitt liv», skriven av Rolf Løvland og Hanne Krogh.

Ho har gjeve ut tre album, det siste i 2005, og var i 2016 med i Stjernekamp på NRK.

Morosam og trist vise

Eirik kan ikkje avsløra kva han syng eller korleis det går i konkurranse mot Ulrikke og Filip, men han avslører at han skal synga ei vise folk flest aldri har høyrd han synga før.

– Det er ein norsk låt, ein barndomsfavoritt, som eg ba om å få lov til å synga. Den er humoristisk, men også trist, fortel Eirik før fredagens sending.

Fleire saker