Lokal | 20. jan. 2019

Tar imot 60 internasjonale gjestar

No jakter CISV Os på 9 frivillige vaksne, 3 av dei skal sendast på langtur.

Tar imot 60 internasjonale gjestar
Lena Stigen på Kuventræ barneskule, som tidlegare har vore kulissar for CISV-leirar. I år skal leiren haldast på Søre Øyane barnskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. jan. 2019 14:02

I ei årrekkje har fleire familiar i Os sendt ungane sine på leir med born frå heile verda. Anten det har vore ei veke i påsken eller 3-4 veker om sommaren, ungane kjem heim med kraftig skjerpa engelsskunnskapar, ny lærdom og nytt, globalt nettverk av venar.

• Les òg: Til Brasil med CISV (2009)

– Vi har hatt to av våre tre ungar på leir til no, éin i Spania og éi til USA. Erfaringa er svært positiv, både slik borna våre har opplevd det og slik vi foreldre har blitt kjent med den politisk- og religiøst nøytrale brubyggaren av ein organisasjon, seier Lena Stigen.

Som foreldre til CISV-deltakarar har ho både vore vertsfamilie og engasjert seg i styret. No jobbar styret i CISV Os med å førebu tilsvarande leir i Osbygda, nærmare bestemt Søre Øyane barneskule.

• Les òg: CISV-gjestar på rotur i oselvarar (2015)

48 born frå 12 nasjonar

CISV held i desse dagar på med trekning og å kontakta dei som har fått plass til å reisa frå Os til Belgia i påsken, og til Alta og USA til sommaren. Samtidig, for at Os skal få senda folk ut, må Os av og til sjølv ta imot reisande ungar frå heile verda.

– Vi hadde lokal samling i haust. Sist vi hadde internasjonal camp var i 2017.

• Les òg: 40 ungdomar frå heile verda på leir på Kuventræ (2017)

– No er det vår tur igjen. Det er venta grupper på fire born og éin leiar frå tolv ulike nasjonar.

Jaktar frivillige

CISV Os treng både vertsfamiliar, leiarar å senda på tur med ungane frå Os, og «staff», altså mannskap til å vera med å driva leiren i Øyane.

– Å skaffa vertsfamiliar plar gå fint. Det vi er mest opptatt av no er å få tre som vil bli leiar for å reisa til Alta, Belgia og USA, og ein mannskap på seks til fire veker med leir på Søre Øyane barneskule i juli.

Som «CISV-mamma» er Lena og resten av styret i CISV Os opptatt av å løysa oppgåva med å avvikla leiren.

– For at Os skal kunna senda ungar på leir andre stadar, må vi frå tid til annan også sjølv arrangera leir. I år er det vår tur.

– Vi tok ein telefonrunde til andre med CISV-erfaring før jul, men fekk ikkje nok folk.

Med internasjonal erfaring på CV-en

Å vera «staff» på leir i fire veker kan vera ein spennande sommarjobb, men jobben er basert på frivillig innsats, dei som deltar får ikkje løn.

– Løna er erfaringa du får, både i å snakka engelsk og å gjera ein innsats for det internasjonale samfunnet. CISV sentralt er dessutan flinke til å skriva CV, om du er ein som kan få bruk for å visa dette til ein framtidig studieplass eller arbeidsgjevar.

Vilkåra er politiattest og at du må vera fylt 21 år når leiren startar.

– Både unge vaksne og godt vaksne kan delta. Vi har hatt både kjærastepar, ektepar og venar som saman har stilt opp på dette før, seier Lena, spent på det vidare arbeidet med å organisera leir for 60 gjestar i Os til sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.