Tar touren til Os igjen
Fyller Osøyro med syklistar: Torsdag kjem Tour of Norway for Kids til Os sentrum.


Tour of Norway for Kids, som blei starta av Norges Cykleforbund i 2005, besøkte Os både i 2009 og 2011.
– Vi fekk spørsmål om vi ville ha arrangementet tilbake i Os og takka ja. Det var jo kjempebra begge dei to andre gongane, seier nestleiar i sykkelklubben i Os, CK Henie, Torbjørn Magnussen.
– Os Sentrumsforening hjelper til og har organisert med sperring av biltrafikk desse timane.
Sist gong samla arrangementet over 200 unge syklistar til eit kort ritt midt i sentrum.
– Vi hjelper til med å rigga opp banen og med litt mannskap under sjølve løpet, men arrangørane har med seg resten av sirkuset og styrer heile opplegget. Kanskje kjem TV2 også.
Frå trehjulsykkel til 14-åringar
Det populære sykkelrittet går gjennom ei kort løype inne i Os sentrum og har deltakarar frå barnehagealder og opp til og med 14 år.
Deltakarane blir delt i puljer etter alder. Også dei med trehjulsykkel og støttehjul kan stilla.
Det er gratis å delta og alle som er med får t-skjorte, diplom og premie. Deltakarane er også med i trekninga av ein Merida-sykkel.
Rittet startar klokka 14 torsdag 18. juli.