Politi | 15. nov. 2022

Tatt med lågpromille på Halhjem

Politiet hadde nok ein promillekontroll på ferjekaien - vegvesenet var «tilbake på gamle trakter».

Tatt med lågpromille på Halhjem
(Arkivfoto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2022 08:34

Dei siste vekene har politiet hatt fleire promillekontrollar på Halhjem ferjekai.

Også måndag morgon var dei på plass, også denne dagen var det lite å reagera på.

Kontrollen gav utslag på éin bilførar, ein mann i 50-åra.

– Det er snakk om lågpromille og vi har oppretta sak, men det er ikkje tatt beslag i førarkortet, opplyser politioverbetjent Christine Jansen Grindstein.

Kontrollen varte frå klokka 08.50 til 09.45. 46 trafikantar blei kontrollerte.

Sjølv om Statens vegvesen har fått seg ny kontrollplass i Kolskogen langs ny E39, har dei ikkje gløymt Byvegen eller Hjellemarka.

I går var det kontroll på plassen, og dei fann litt å reagera på.

Kontroll av diesel. (Foto: Statens vegvesen)
Kontroll av diesel. (Foto: Statens vegvesen)

– Vi hadde fokus på dieselprøvar, teknisk og lys, skriv Birger Lønne i rapporten frå kontrollen.

Det blei skrive ut to bilbeltegebyr og fem køyretøy fekk skriftlege manglar.

Eitt køyretøy hadde feil mengde sitjeplassar i forhold til kva som står i vognkortet.

Dei som ikkje hadde tatt på tryggleikslenka hekta den på og fekk køyra vidare. (Foto: Statens vegvesen)
Dei som ikkje hadde tatt på tryggleikslenka hekta den på og fekk køyra vidare. (Foto: Statens vegvesen)

To køyretøy med hengar fekk begge køyreforbod grunna manglande tryggleikslenke.

Dette blei ordna på staden, og dei fekk køyra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.