Politi | 05. nov. 2022

Promillekontroll på Halhjem laurdag morgon

– Vi fekk positive tilbakemeldingar.

Promillekontroll på Halhjem laurdag morgon
Politiet sto på Halhjem ferjekai laurdag morgon. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. nov. 2022 09:53

Laurdag morgon hadde politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai.

Dei sto på staden frå klokka 08.45 til 09.45.

I løpet av denne timen blei 69 trafikantar kontrollerte.

– Det var ikkje noko å reagera på, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Dei fortel også at patruljen fekk mange positive tilbakemeldingar denne morgonen.

Kva bilistane var positive til, kontrollen eller den nyopna E39-traseen, er ikkje spesifisert i rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.