Politi | 14. nov. 2022

Skreiv ut seks forelegg på Hatvikvegen

Snittmåling på ny E39 gav ikkje resultat, men det gjorde laserkontroll aust for Os sentrum.

Skreiv ut seks forelegg på Hatvikvegen
Laser på Hatvikvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. nov. 2022 09:06

Fredag morgon frå 08.45 til 09.20 hadde politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai.

45 bilistar blei kontrollerte utan at politiet fann noko å reagera på.

Så, frå klokka 10.30 til 12 var det fartskontroll i ei 50-sone på Hatvikvegen.

– Det blei gitt eitt gebyr for manglande bilbelte og seks forelegg for høg fart, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Høgaste måltefart var 61 km/t, noko som fører til 4.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Fin fart på ny E39

Fredag kveld frå klokka 21.45 til 23.45 gjennomførte trafikkavsnittet i Bergen snittmåling frå Rådal mot Os på ny E39.

Dei fann ikkje noko å reagera på i 100-sona.

Måndag morgon klokka 06.06 meldte Vegtrafikksentralen om ein mann som gjekk langs eller nær motorvegen ved Skogafjellstunnelen. Politiet rykte ut, men mannen skal ha gått vekk frå staden før patruljen kom fram.

Vegvesenet tok nok ein kontroll

Torsdag og laurdag hadde Statens vegvesen dei to første kontrollane på ny E39, med avkøyring til ny kontrollplass i Kolskogen.

Lysande skilt har sendt bilar opp på ny kontrollplass både torsdag kveld og laurdag på dagtid (bildet). Bilane på bildet treng ikkje vera knytt til nokre av reaksjonane under kontrollen. (Foto: Statens vegvesen)
Les ògSkreiv ut fleire gebyr på ny kontrollplass

Søndag kveld var det ny kontroll med desse resultata:

Tre åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglane, tre tekniske manglar for feil med dekk og lys og to gebyr for feil dekk. Kvart gebyr er på 2000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.