Politi | 11. des. 2021

Tatt med promille på Ulvenvegen

I tillegg blei det tatt førarkortbeslag etter eit uhell på Halhjemsvegen.

Tatt med promille på Ulvenvegen
Ulvenvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. des. 2021 08:34

I 02-tida natt til laurdag blei ein bilist stoppa på Ulvenvegen.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, er mistenkt for promillekøyring, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I 13-tida fredag stoppa politiet ein bilist som fekk forenkla forelegg for bruk av mobiltelefon under køyring.

Vedkomande, ein mann i 30-åra, må ut med 5000 kroner og fekk 3 prikkar på førarkortet.

Bilførar, ein mann i 20-åra, mista lappen etter dette uhellet i Lnde-Lekven-krysset fredag formiddag. (Foto: KVB)
Bilførar, ein mann i 20-åra, mista lappen etter dette uhellet i Lnde-Lekven-krysset fredag formiddag. (Foto: KVB)

Bilførar som i 11.30-tida køyrde i autovernet på E39 i Lunde-Lekven-krysset, er ein mann i 20-åra.

Politiet tok beslag i førarkortet hans.

Politiet rykte saman med brannvesenet ut til lekkasje i ein gjødselskjellar.

Dei har ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.