Kultur | 17. feb. 2019

Tek festen på USF - du er invitert

Eirik Søfteland og Sipher skal endeleg feira platedebuten frå i fjor.

Tek festen på USF - du er invitert
Eirik sitt band, Sipher, held sleppefest i storstova Røkeriet, som har plass til 1300 gjestar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 17. feb. 2019 08:36

Då Sipher kom med debutalbumet «Atlas» i september i fjor, var det resultatet av eit prosjekt som hadde vore på kok i fleire år. Dei første hinta om kva Eirik musikalsk var utanfor tv-studioa, strekk seg heilt attende til 2015.

– Det må kjennast rett, var den gongen svaret til kvifor det hadde teke litt tid med plata.

Historisk storstove

Om det er faktumet at Eirik er ein mann av tolmod som gjer at plateslepp-festen først kjem dryge åtte månadar seinare skal vera usagt, men at ventinga vil betala seg for publikum, er det inga tvil om;

3. mai vert Sipher å sjå og høyra i Røkeriet på USF Verftet i Bergen. Det tidlegare verfet, og seinare sardinfabrikken, er ein av bergens største og mest populære konsertstadar.

I vårprogrammet til USF Verftet finn du òg artistar som Skambankt, Spidergawd, Avatar, Unge Ferrari, Highasakite, Karpe og Aurora. Fleire av artistane, mellom anna Aurora, har allereie måtte setja opp ekstrakonsertar.

Stort på stortromma

– Du siktar høgt, Eirik. Røkeriet har ein publikumskapasitet på 1300 menneske, klarar å du å selja ut?

– Det hadde vore stas å selja ut, men vi har saman med arrangøren, Bergen Live, sete oss eit edrueleg mål på 400 selde billettar. Lokalet kan lett tilpassast publikumsmenga, så kjem det 400, vil lokalet sjå rimeleg pakka ut uansett.

Eirik fortel at han i lengre tid har hatt ein god dialog med Bergen Live om å gjera ein «skikkeleg» og større konsert i Bergen.

– Eigentleg gjekk eg og tenkte på å gjera noko til hausten, men så vart eg invitert til å samarbeida om ein konsert no i mai. Bergen Live tek seg av alt det praktiske kring konserten, og eg kan konsentrera meg om å laga fest. Eg vel å slå på stortromma no, det fortener både bandet og ikkje minst publikum.

– Kva om det kjem ingen - står du utan hus og heim på måndagen då?

– Nei, så krise er det ikkje, men eg skal vera ærleg å innrømma at det er ein viss personleg risiko for meg. Kjem det ingen, slit eg litt. Kjem det heller ingen på Torgfesten her på Os, ja då kan det verta litt trongt, seier Eirik og ler!

Årets torgfest i Os sentrum er i slutten av mai, med blant andre Elg på plakaten.

Heile plata og plenty attåt

På konserten i mai vil Sipher spela debuten i heila. «Atlas» tikkar inn på 34 minutt spelelengd, så for å toppa det heile, vil har Eirik og bandet plukka ut seks-sju låtar som har vore med å forma Sipher. Eirik vil ikkje røpa for mykje her, men at trioen Muse skal bli heidra, deler han under tvil.

– Bandet vil i all hovudsak bestå av dei same medlemmane eg hadde med då vi spelte på Osfest i fjor. Eg jobbar òg med å få med fleire koristar; det er jo til tider ganske så «Queen» på plata, og vi er ikkje mange nok i Sipher til å gjenskapa alle harmoniane åleine, fortel Eirik.

I studio - djupare inn i Sipher-universet

I desse dagar er Eirik på ny i studio. No er det oppfølgjaren til «Atlas» som skal skrivast.

– Eg har nett bak meg nokre hektiske, men veldig produktive dagar saman med Leif Herland (bass) og Tore Christer Storlid (gitar). Der den førre plata vart skriven litt her og der, noko i Oslo, er det ein litt annan prosess denne gongen.

Om det musikalske kan Eirik røpa at det nok vert hardare og endå meir progressivt frå Sipher.

– Det vil framleis vera Sipher, men no kjem vi til å gå endå lengre inn i universet vårt. Vi har ikkje tidfesta noko slepp av musikk, men er verda heldig, kjem det kanskje ein singel eller to til hausten.

I mellomtida er det berre til å skaffa seg billett, pussa øyreproppene og ta festen med Sipher 3.mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.