Elg og Eirik, her dagen før finalen i «Århundrets stemme» i fjor. (Privat foto)

Eirik tar med seg Elg på årets Torgfest

Øivind «Elg» Elgnes og fire lokale band skal på scenen i Os sentrum i mai.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei hadde håpa på rett over 150 gjestar i 2017, det kom 303. I fjor blei publikumsmengda dobla til 616 gjestar.

• Les meir og sjå bildeserie og video frå Torgfesten i 2017 og i 2018.

– Olav (Skorpen) hadde ein idé om å skapa ein uformell fest for alle, litt som brosteinsballet i si tid var. Vi snakka med Os Sentrumsforening, Havnechefen og Catten, og så gjekk det fort, ein månad seinare blei første Torgfesten arrangert, seier Eirik Strønen Søfteland.

Eirik, Olav og bandkamerat Jens Aasmundseth i Undercover står framleis som arrangør med dei same samarbeidspartnarane.

– Eg er ein Osøyro-gut. Eg har vakse på i sentrum og har budd i og nær sentrum i snart 50 år. Utgangspunktet var «Liv på Øyro», eit omgrep eg liker godt, fortel Olav.

– Festen blei som eg hadde håpa på, berre litt betre besøkt og litt finare vêr, seier han og ler.

Elg åleine

No er årets versjon av minifestivalen ferdigbooka, og Eirik har invitert sin eigen finalemotstandar frå TV2-programmet «Århundrets stemme», Øivind «Elg» Elgnes, som hovudtrekkplaster i år.

• Les òg: Strålande finale av Elg og Eirik

– Eg fekk spela med Dance With A Stranger i juni, no skal han få koma til Os og spela med oss. Vi i Undercover blir bandet hans, og eg trur han passar veldig godt til eit format som Torgfesten.

– Dette blir som ein intimkonsert med Elg, og det håper eg mange har lyst å oppleva.

Fire band

Torgfest-arrangørane slepp i same slengen alle banda som skal på scenen denne kvelden.

– Til å opna festen har vi dei unge og talentfulle fusingane i bandet «Sleepwalkers». Også fusingen Haavard Skaatun, som skulle spelt hos oss i fjor, står på plakaten.

Bighorn Butterboys, som har ein god fanskare på Os, og som spelte på den første Torgfesten, er invitert tilbake i år.

– Eg trur enkelte blei knust i bakken av kor gøy det var å høyra butterboys-gutane i 2017. No kjem dei tilbake med fleire eigenproduserte låtar.

Sjølv skal Eirik, Olav og Jens, ved sidan av å vera bandet til Elg, spela saman som Undercover.

– Vi i Undercover skal runda av kvelden, fortel Eirik.

Kan bli utselt

Datoen er laurdag 25. mai. Billettane til årets Torgfest blir lagt ut for sal i kveld.

– Målet er å halda prisen låg, under 300 kroner. Vi sette eit tak på 750 billettar i fjor, utan å drøyma om at vi skulle passera 600 selte.

– Vi får sjå nærmare på kapasiteten i år, men sjølv om vi er utandørs er det grenser for kor mange vi kan ta inn.

Torgfesten har hatt strålande vêr begge dei første åra.

– Det er vi glad for, og vi reknar med at sol og varme blir tradisjon framover. Men vi er natrulegvis førebudd på at det kan bli nedbør, og står klare med telt sånn at det uansett skal bli ein god fest.

Arrangørane har dessutan investert i leige av scene, lyd og lys frå eksternt firma i år.

– Det har vore travelt å rigga, sjølv om vi har hatt det dyktige arbeidsjernet Nils Midtseter med oss. Men i år set vi dette vekk til Amas ved Morten Paulsen. Då får vi òg endå betre lyd. I fjor fekk vi tilbakemeldingar om at dei som sat på taket på Havnechefen ikkje høyrde så godt, i år skal vi får betre lyd i alle etasjar.

Fleire saker