
Morsmål gav meirsmak
Det første terningkastet har kome og i kveld har ORBO fleire osingar med seg på og ved scenen på sleppefest for "Steingard" på Madam Felle.

Det første terningkastet har kome og i kveld har ORBO fleire osingar med seg på og ved scenen på sleppefest for "Steingard" på Madam Felle.

Nordhordland tingrett har opna konkurs i buet til Færingen Restaurant AS. Eigarane seier det kan bli aktuelt å retta sivilt søksmål mot Oseana.

Eirik Søfteland syng ei U2-låt i kveld. I går varma han opp med å slå Ola i FIFA - i Idol-huset, der dei to gjekk bananas tidlegare i veka (sjå video).

VIDEO: Over 470 elevar frå 21 klassar i 10 klassetrinn førebur seg no på ei fyldig kulturveke på Nore Neset. Vi har vore med på nokre av øvingane - og i studioet til ORBO.

Fansen til Idol-Eirik held fram med å laga vake, men fredag flyttar dei seg frå klubbhuset på Kuventræ til sportsbaren til Bowling1.

I mai kjem Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen tilbake til Oseana. - Vi var ikkje i tvil då Fyllingsdalen teater ville setja opp framsyninga hos oss, seier Berit Steen.

Bookmakerane trur Steffen Jakobsen vinn Idol 2013 - og tipper at Eirik er førstemann som ryker ut.

Idol-Eirik sin siger i semifinalen: Framsyninga. Festen. Framtida.

VIDEO: Det var vill jubel i klubbhuset då Idol-Eirik blei ropt opp som ein av to vinnarar av semifinalen. – No blir det fleire vaker, seier bandkamerat Kjetil Osablod Grønvigh.

Ein time før Idol-sendinga starta viste VG Nett i går ein forsmak på musikkvideoen Eirik Søfteland sitt band KingCalling spelte inn i Lidl-lageret i Os i helga.

Tidlegare byråd i Bergen, Henning Warloe, og Urørt-fenomenet Aurora Aksnes står for opninga når Bodil Friele stiller ut på Vedholmen Galleri.

Filmane bygdekinoen serverer på søndag er begge basert på populære bokseriar.

Eirik Søfteland fleska til i bar overkropp og tok ein av dei to finale-billettane i kveldens Idol-semifinale!

Stor stemning i Os og Oslo: Idol-Eirik er som "ein rev i ein hønsegard". Det er publikummet frå Os òg!

Eirik Søfteland er klar for kveldens semifinale i Idol og ventar venar både i salen og på eiga Idol-vake i Os. Her er låta han skal synga.

Gitartalentet Hans-Marius Johnsen (16) ser framleis etter bandmedlemmer. I mellomtida får han stadig feitare gitarar å spela på.

I dag ser du han i Se & Hør, i kveld er han gjest på TV2 Ettermiddagen og i morgon kjempar han mot 7 andre om 2 plassar i finalerundane i Idol.

Eigarane av MS Midthordland reiste med fullasta Maan Dolphin til Mods-konsert i fjor. No set dei opp tur til både Bon Jovi i Bergen og Kiss og Robbie Williams i Stavanger.

Medan kokken Lukasz skiftar kjøkken har Kafé Engeline plan om å re-lansera restaurant-tilbodet på kveldstid.

Hard, men kald, rock i "Lidl-lageret" når KingCalling speler inn sin første musikkvideo.

Filmfestivalen 60 gradar Nord avviklar. Sviktande publikumsframmøte, dårleg økonomi og auka arbeidsmengd er grunna. Les filmfestivalen si eiga forklaring her.

I samband med ombygginga av Oseana blir det truleg nytt publikumstoalett i foajeen.

Formannskapet delte tysdag ut 700.000 i midlar frå det kommunale Kultur Utviklings Programmet (KUP). Her er oversikta over kven som fekk.

Kuventræ skule jobbar med show som skal haldast i Oseana i april. 7. klasse sitt bidrag blir stumfilm.