
Tatt, slept fri, tatt igjen
Politiet ønskjer å varetektsfengsla mann i 20-åra etter køyring i rusa tilstand og funn av narkotika.

Politiet ønskjer å varetektsfengsla mann i 20-åra etter køyring i rusa tilstand og funn av narkotika.

Einar Valle skulle visa båtplassen sin til ein potensiell leigetakar, men plassen var allereie «utleigd».

Denne gong var det i Kuvenbakken det blei funne spor etter tjuveri av post.

Ein person blei truleg frastole penger etter å ha invitert til nachspiel.

Ei kvinne oppdaga etter handletur i Hamnevegen at to utanlandske menn prøvde å opna bakluka på bilen hennar.

– Det ser ut som om dei har tatt for seg heile gater i ulike nabolag. Men vi har nokon i kikkerten, og det er ikkje ungar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet i Os og Bergen var på kontroll både i bustader og hos bedrifter onsdag.

Som «takk for hjelpa» fekk han seg ein blåveis.

I to nabolag nær Os sentrum er det stole mykje post. Ei kvinne fekk fråstole både kort og kode, og var nær på å bli svindla for fleire tusen kroner.

Éin er tatt med narkotika i sentrum, to blei tatt for urinering og ein tredje hamna i arresten, i narkorus, etter krangel med kjærasten.

Mannen som blei stoppa i ein gull-limo på Halhjemsvegen i fjor er no dømt til fengsel.

Bil velta ved Lyssandfabrikken. Ingen blei skadd.

Trafikkulykke ved Joker på Søfteland. Vaksen tagger på bussterminalen og bråkete gjest på utestad.

Politiet rykte ut til Amfisenteret då ei kvinne prøvde å kjøpa ein jakke til ein litt for låg pris.

Politiet fekk rapport om bilist som køyrde "tulling" på Hetleflåten. Slapp med muntleg åtvaring.

Lensmannen er uroa over mykje fyll natt til sundag. – Vi veit jo frå statistikken at dei fleste valdsepisodane skjer i samband med rus.

På dagtid blei det utrykning til Os sentrum, i 4-tida i natt kom det tre oppdrag samtidig.

I dag hamna ein bil på jordet utanfor E39, torsdag fekk politiet melding om grisekjøring i Industrivegen, noko som får konsekvensar.

Trafikkontroll på Lepsøyvegen resulterte i fire gebyr og ei anmelding.

Både natt til søndag og søndag formiddag var politiet ute på husbråk, søndag ettermiddag kom melding om hærverk på Kyrkjetunet.

Politiet: Rusa mann hamna i feil hus. Mann hamna på legevakten etter slåsskamp.

Politiet: Kano "rømt" frå Kongshaug og førar stoppa i uregistert bil.

– Eg er glad eg ikkje blei skadd, seier mannen som kjørte på ein hjort ved Liafjellstunnelen i går. Ingen stoppa for å høyra om det gjekk bra med han etter kollisjonen.

Det var ikkje mistanke om promille etter utforkjøringa på Hetleflåten i går. Men politiet har tatt beslag i førarkortet til mannen som sat bak rattet.