
Framleis høg fart
87 og 82 km/t i Hegglandsdalen og på Hatvikvegen. Moped råkøyrde og prøvde stikka. Rullestolførar skapte nestenulukker.

87 og 82 km/t i Hegglandsdalen og på Hatvikvegen. Moped råkøyrde og prøvde stikka. Rullestolførar skapte nestenulukker.

Politiet si helg: Innbrotsforsøk, funn av sykkel, moped og båt, avstikk etter utforkjøring og "litt dårleg stemning" etter massiv møkkaspreiing ved Tøsdalsskiftet.

Mann i 40-åra stoppa på Byvegen søndag ettermiddag.

Politibåten Kjølen har vore på tokt i Os i helga. Leiar for sjøtenesta, Hans-Erik Thue, fortel om fleire båtførarar i grenseland på promille.

Frå 1. juni er Rasmus Dalen over i pensjonistene sine rekkjer. – Det blir vel ikkje noko mindre travelt no, smiler den avtroppande lensmannen.

Hamna i grøfta med 1,58 i promille.

Politiet tok i går hand om rusa mann i Varåsen, fekk melding om utanlandske dørseljarar og hadde to trafikkontrollar.

Ein 18 år gamal osing må sona 18 dagar fengsel etter ein litt for rask biltur i Bergen.

Oddbjørn Dyrdal tar frå neste veke over ansvaret på lensmannskontoret. – No handlar det om å vera lydhøyr og suga til seg mest mogleg av Rasmus si lange erfaring.

Politiet: Ein Viksund 385 blei funnen på rek og tatt hand om. Framleis trøbbel med passautomaten på lensmannskontoret.

11 LED-lyskastarar verd vel 100.000 kroner er stole frå fasaden på AMFI Os. – Vi treng publikum si hjelp, seier lensmannen.

Ein utlending busett i Os dekka ansiktet med handa medan han suste forbi fotoboksen - igjen og igjen.

Ein tivoli-trailer på veg frå Bergen mot Os står på tvers på Vallaheiane.

Politiet sin pinse: Mann knuste terrassedør, ambulansen tok hand om full person, politibåten tok to vassjetkjørarar og ung bilførar mista lappen etter uhell på Skeie.

Video: Ein sjark brann tysdag utanfor Øyane. – Røyken slo imot meg, fortel fiskaren.

Fredag fekk politiet melding om innbrot og tjuveri av øl, måndag kveld kom melding om innbrot og grovt tjuveri frå bustad.

To kameratar kom uskadd frå ei utforkjøring på Lepsøy måndag ettermiddag.

Fem gongar i 2012 blei han tatt med narkotika - ved eitt av tilfella kjørte han båt. No er han dømt til fengsel.

Han slo etter dørvakt med bosspann (!), prøvde å skalla til ein politimann og gav feil namn då han blei pågripen. No må osingen (27) inn til soning.

Mannen som blei gripen natt til 17. mai er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Politiet etterlyser vitner til valdsepisode ved Amfi Os fredag 10. mai.

Død mann funnen i Bergen. Mann tatt av politiet på Os.

Politiet: Narkotikabeslag frå to personer. Atfunnen moped. Våpenkontroll og kontroll av steinleggarar.

Hadde du tenkt å nytta dagen til å skaffe deg nytt pass? Då må du til Fana eller Bergen.

Politiet: Avskilte bil, anmeldte bilførar, fekk klage på russebråk klokka 04.00