
– Vi skal nærma oss Nest før serien startar
Thomas Sandal såg at Lysekloster har litt å jobba med i vinter, men såg òg positive trekk i fredagens treningskamp mot Nest-Sotra.

Thomas Sandal såg at Lysekloster har litt å jobba med i vinter, men såg òg positive trekk i fredagens treningskamp mot Nest-Sotra.

I dag vann sonen Tor Næss Johannessen ei svømmekonkurranse. For to år sidan berga dei tilsette livet til faren, Steinar Johannessen, då han fekk hjartestans.

For å gjera målingane enklare har brannvesenet utvikla sin eigen målereiskap – og oppdaga eit litt merkeleg fenomen.

– Berre tre av spelarane våre var i same posisjon heile 2015, vi held framleis på å jobba inn spelestilen, seier Sandal før møtet med Nest-Sotra.

Os Karateklubb hadde i helga heile sju utøvarar på samling med legendariske Wayne Otto.

Idrettsråd og idrettslag skal takast med på råd når den nye hallen i sentralidrettsanlegget skal fyllast med aktivitet.

Volleyballjentene til Søre Neset hadde få problem med å slå Risnes, men måtte klundra det litt til for seg sjølv midtvegs i kampen.

I fjor enda det med Brann på Kuventræ - no er trekninga til årets kvalifisering til NM komen.

Os leika seg borte mot Sotra 2 og to 16-åringar fekk fleire nettkjenningar.

Vêret blir neppe like fint neste helg.

Ein 14-åring, ein 15-åring og ein amerikanar debuterte då Os spelte årets første treningskamp.

Isak Røen er igjen klar for handballherrene til Os. – Ei viktig offensiv forsterking, seier Kenneth Husebø.

– Vi burde avgjort dette tidlegare, men det var godt å ta dei to viktige poenga, seier 6-målsskårar Ove Lyssand.

Denne helga er snowboard, for første gong, representert på den store skimessa i Myrkdalen.

– Huff, den sat langt inne, seier Ostrenar Trond Førde Eriksen om 22-21 sigeren over Bjørnar laurdag ettermiddag.

Bildeserie: Det yra av liv på mest alle vatn i Os laurdag. Store og små hadde fått på seg skøytene.

Sverre Lunde Pedersen har blitt sjuk og går ikkje EM i helga.

Fredrik Heggland får ikkje den sesongoppkøyringa han hadde ønska seg. Denne veka opererte han menisken på nytt.

Motocross-folket håper på dobbel tjukkleik på isen på Ulvenvatnet. Då kan det nemleg bli iskøyring.

Det er ikkje lenge før du trygt kan ferdast på islagte vatn i Os. Vi tok med oss John Lepsøy for å måla isen på tre vatn.

Kaptein Hjertnes er ikkje sikker på om han held fram for Os. Det er heller ikkje bestemt om eks-kaptein Lunde gjer comeback etter suksess-visitten i haust.

Ho har nådd alle måla ho har sett seg. No reiser ei spent Ariel Braathen til Flagstaff i USA for å førebu seg for det store målet: Å kvalifisera seg til OL i Rio i sommar.

I NM allround rett før jul blei Sverre Lunde Pedersen noregsmeister for første gong. Til helga er det EM i Minsk, med Sverre som ein av favorittane.

To utøvarar frå Os fekk tildelt NM-bronse på stor galla på Gardermoen. For unge William Hetleflåt blei det ei ekstra stor oppleving.