Politi | 22. juli 2025
– Til fare for båttrafikken i Lukksund
Eit stort tre skal ligga på rek under Lukksund bru.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 22. juli 2025 09:51
Er du på veg i båt mellom Bjørnafjorden og Rosendal?
Klokka 09.46 opplyser politiet om eit stort tre som skal ligga i sjøen nær Lukksund bru, som går mellom Kvinnherad og Tysnes.
Politiet fekk inn melding om treet klokka 09.32.
– Hovedredningssentralen (HRS) og Kystverket er orientert. Personell er varsla for å dra treet inn til land, opplyser politiet.





