Sport | 29. nov. 2017

Tilbake på rekordbanen

– Eg er spent på kva tider eg får til i år, seier Sverre, på plass i Calgary, der han i 2015 sette tre personeleg rekordar som framleis er gjeldande.

Tilbake på rekordbanen
Sverre Lunde Pedersen rapporterer om fin form frå Calgary i Canada (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 29. nov. 2017 07:24

Etter ei litt trøblete reise er Sverre Lunde Pedersen klar for den tredje verdscuphelga på skøyter. Løpa går i det som blir kalla verdas raskaste skøytebane, Olympic Oval, som blei bygd til vinter-OL i Calgary i 1988.

– Det blei ein trøblete tur med to reisedagar, men sånn blei det og då var det berre å gjera det beste ut av det og vera litt forsiktig dei første dagane her borte, fortel Sverre til Midtsiden.

• Les òg: Startar folkeleg kronerulling for Sverre

Det var dårleg vêr som gjorde at Sverre og dei andre gutane fekk eit ekstra døgn på flyplassen i Amsterdam.

Spent på tidene

I Calgary skal Sverre gå 5000 meter, lagtempo og 1500 meter.

– Det blir spennande å sjå kor fort eg kan gå her borte. Formen er fin og eg er veldig nøgd med dei to første verdscupløpa.

– Målet er jo som alltid å kjempa om pallplassane, men her borte er det også gode moglegheiter for personlege rekordar og kanskje også norske rekordar.

Olympic Oval i Calgary var verdas raskaste skøytebane fram til Utah Olympic Oval i Salt Lake City, kor Sverre og dei andre skal gå neste verdscup, blei bygd til OL i 2002. Begge banane ligg på over 1000 meter over havet, noko som gir låg luftmotstand for løparane.

Alle persane til Sverre, utanom ferske 13.02:43 på 10.000 meter i Stavanger i november 2017, er sett i Nord-Amerika.

6.10,47 på 5000 meter er frå november 2013 i Salt Lake City
3.34,66 på 3000 meter er frå november 2015 i Calgary
1.43,08 på 1500 meter er frå november 2015 i Salt Lake City
1.09,31 på 1000 meter er frå november 2015 i Calgary
35.87 på 500 meer er frå mars 2015 i Calgary

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.