Snart kan du få nytt pass i Os igjen

Etter 15 månadar midlertidig stopp er ny og betre løysing klar for bruk.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal framfor den nye passautomaten som snart kjem i drift. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2021 13:44

Då nytt lensmannskontor på Moberg opna publikumsmottaket sitt på nyåret, var ny passautomat i ferd med å bli installert, men mannskapen ikkje ferdig opplært.

– Vi har no fått aksept for å gå i gang med å tilby sjansen til å søka om å få pass ved vår tenestestad, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal i ei kort pressemelding i dag.

Denne automaten kjem i drift om to veker. (Foto: Ørjan Håland)

Oppstart blir tysdag 4. mai, timebestilling, som Os starta med i 2017, er framleis på politiet.no.

– Det blir eit avgrensa tilbod i starten, frå klokka 10 til 14 denne eine dagen, men det er godt å koma i gang, seier Dyrdal.

Ny variant - eit drygt år etter stenging

Dei tok ein midlertidig stopp i utskriving av nye pass frå 1. februar 2020. Lite visste dei då at folk skulle reisa minimalt dei neste månadane.

– Vi kjem til å utvida tilbodet til hausten, då har vi fått utvida vår eigen kapasitet på området, fortel lensmannen.

Os lensmannskontor «utstedte» 2.041 pass i 2019 og 3.002 pass i 2018.

Det er etablert 77 pass- og ID-kontor i Noreg. I november 2018 blei det klart at Os får eitt av desse, mens 64 andre kontor i Noreg blir lagt ned, inkludert blant andre Fusa og Austevoll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.