Politi | 27. juli 2022

Høyrde ein bil på tunet, så var alle handleposane vekke

– Det er mogleg at nokon sniker rundt og sjekkar kven som er på ferie.

Høyrde ein bil på tunet, så var alle handleposane vekke
Innringar bur i eit nabolag på Skeie. No åtvarer han om mogleg tokt av folk i uærleg ærend. (Flyfoto frå 2012, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juli 2022 10:19

Tysdag formiddag opplevde ein familiefar som bur på Skeie at alle daglegvarene han hadde kjøpt blei stole.

Han hadde vore og handla på formiddagen, men tok ikkje varene inn i huset med det same han kom heim.

– Eg skulle inn i garasjen eit ærend. Sidan det ikkje var varer som skulle på kjøl, sette eg dei berre på trappa, fortel han.

Mens han sto i ein bod i garasjen, høyrde han at det kom ein bil utanfor.

– Vi har leigebuarar, og tenkte dei kanskje fekk besøk, eller at nokon som hadde vore hos naboen berre snudde i innkøyringa vår.

Men då han skulle inn i huset igjen, var varene vekke.

– Først trudde eg at sambuar fleipa med meg, eller at det var ei misforståing.

– Men etter å ha sjekka alle moglegheiter eg kjem på, skjønner eg ikkje noko anna enn at varene rett og slett er stolne.

Nokre av daglegvarene var kostbare, det låg for rundt 2.500 kroner i mat i posane.

– Eg tviler på at dei som var her var på jakt etter mat, men sidan dei stal lurer eg på om dei også i utgangspunktet var i uærleg ærend, at dei er rundtom og sjekkar kva hus som står tomme no i ferien.

Det einaste særtrekket han la merke til med bilen, var lyden.

Det var ekstra brumming frå bilen, som om den hadde skade i eksosanlegget.

– Det er også derfor eg vil åtvara, at folk låser bod og garasje, og har ein avtale med naboar om å følgja med mens dei er vekke, seier innringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.