Politi | 19. apr. 2022

Stal kostbare ekstralys frå bil i utstilling

Tilbake frå påskeferie oppdaga Daniel Grape eit tjuveri frå ein av 42 bilar i utstillinga.

Stal kostbare ekstralys frå bil i utstilling
Bilen samla ikkje berre litt støv utandørs gjennom påsken, ekstralysa blei stolne. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. apr. 2022 12:43

Måndag andre påskedag var Daniel Grape, innehavar av Os Bilsenter i Industrivegen, tilbake frå påskeferie og innom butikken.

Då oppdaga han at noko mangla på den eine av 42 bilar han har for sal.

To ekstralys har blitt plukka av ein Izuzu pickup.

– Dette er ein bil vi skal selja for kunde, så eg måtte først sjekka om han hadde bestemt seg for å halda på desse sjølv, og tatt turen i påsken for å skru dei av. Men sånn var det dessverre ikkje, fortel Grape.

Lysa har ein verdi på 10.000 til 12.000 kroner.

– Eg har foreløpig ikkje sjekka om saka går på bileigar si forsikring eller firmaet mitt, men eg reknar med den går på firma, og vi har så høg eigendel at det berre er for meg å kjøpa nye. Altså eit reint tap.

Han har sjekka dei andre bilane, denne er den einaste det har forsvunne noko frå.

Har kanskje vore heldige

Os Bilsenter flytta frå heimekontor til butikk med utstilling innandørs og, i hovudsak, utandørs, i starten på 2019.

– Dette er første gong vi har opplevd skade eller tjuveri. Sånn sett har vi kanskje vore heldige, men det er uansett ikkje kjekt når det skjer.

– Forholdet blir meldt, og eg reknar med at politiet er interessert i tips.

Izuzuen står med fronten ut mot Industrivegen. Bilen i bakgrunnen har ikkje noko med tjuveriet å gjera.
Izuzuen står med fronten ut mot Industrivegen. Bilen i bakgrunnen har ikkje noko med tjuveriet å gjera.

Den aktuelle bilen sto parkert med fronten ut mot Industrivegen. Frå bilen og ut i vegen er det spor etter burning, som om nokon har hatt det travelt med å koma seg frå plassen.

– Eg veit ikkje om desse spora er spor etter tjuveri, men det var noko påfallande.

– Vi jobbar ein del kveld, og ser at det ofte er folk utanfor og ser på bilane. Det er berre kjekt at interessentar kjem innom også utanom opningstid. Det vil vi dei skal halda fram med, og dei skal ikkje føla seg mistenkeleggjorte av den grunn.

Stor auke på utleige

Os Bilsenter omsette over 250 bilar i 2020, og omsetnaden har halde seg stabil.

– Den største utfordringa no, som i periodar før, har ikkje vore å selja bilar, men å få tak i nok. Med lang ventetid på nybil og framleis stor interesse for bilar som går på bensin og diesel, er marknaden god for oss som sel bruktbilar.

Hausten 2020 starta Grape søsterfirmaet Os Bilutleie.

Det byrja med nokre tilhengarar og to varebilar, og interessa har vore stor.

– Det viste seg at mange hadde bruk for meir plass i bilen av og til, anten dei skal av garde med eit lite flyttelass eller ha ein større handletur. Det har vore større interesse for varebil enn tilhengar, men vi har framleis to tilhengarar.

– På halvanna år har vi auka til 7 varebilar og, på førespurnar, ein personbil. I tillegg har vi éin av kvar på ei lita avdeling på Geilo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.