Søre Neset jenter 12 vann jenter 13-klassen i Lagunen Fotballfestival. (Privat foto)

Tjuvstarta og vann Lagunen Fotballfest

Den yngste klassen i Lagunen Fotballfest er 13 år. Søre Neset J12 stilte opp og vann heile cupen. Nore Neset tok 2. plass og Os vann jenter 14-klassen.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I oktober stakk Nore Neset jenter 12 av med sigeren Fana IL si Vintertid-turnering, med god hjelp av Søre neset, som dei neste sesong skal slå seg saman med.

I dag vann Søre Neset J12 jenter 13-klassen i Lagunen Fotballfestival.

Nore Neset og Søre Neset blir slått saman neste sesong, og begge dei sterke jentelaga er allereie i gang med å samarbeida.

– Vi har vunne alle kampane våre denne sesongen, og tok derfor sjansen på å delta mot eitt år eldre jenter i Lagunen Fotballfestival, seier trenar Sverre Johan Fløysand.

Han hadde med seg tre jenter frå Nore Neset, Thale Strønen Skeie, Celina Døsen og Tuva Berge.

Saman gjekk dei heilt til finalen, der dei møtte Nore Neset jenter 13.

Semifinale til ekstraomgangar

Søre Neset og Nore Neset var i same pulje i innelainde rundar, der dei tok 1. og 2. plass etter 2-1 innbyrdes.

Nore Neset slo Søreide 1-0 i semifinalen, Søre Neset måtte til ekstraomgangar for å slå Bjarg 2-1 på golden goal.

I finalen var Søre Neset best og vann 3-0 etter mål av Andrine Kvittingen 2 og Celina Døsen.

Lenea Hjelle Fløysand blei, som i Vintertid, kåra til finalens beste spelar.

Vinnarlaget: Anne Noss Nordvik, Emilie Turøy, Andrine Kvittingen, Malin Ludvigsen, Martine Nagelsen-Balland, Lenea Hjelle Fløysand, Inger Fiksen Foldrup, Vilde Sølberg, Helene Søviknes, Nora Kvinge Austevoll, Thale Strønen Skeie, Celina Døsen og Tuva Berge.

Os starta finaledagen med ekstraomgangar

Jubelen sto i taket då Os jenter 14 laurdag vann semifinalen mot Løv-Ham 2-1 på corner. Men motstandarane leverte protest, dommaren hadde gløymt at det skulle vera ekstraomgangar i semifinalen.

– Vi møttest tidleg i dag og gjekk grundig gjennom den komande kampen vi hadde i vente, seier trenar Frode Lundgren.

Jentene hans vann kvartfinalen på golden goal. Sjølv om dei leia på cornarar var det i dag, før finalen, 2 x 5 minutt mot Løv-Ham.

– Vi hadde overtaket spelemessig laurdag, så eg var opptatt av at dei ikkje skulle legga seg bakpå for å sikra sigeren. Eg bad jentene gå til kamp som om det var ein ny kamp, vi gjekk for å vinna på golden goal.

Det blei ingen mål i ekstraomgangane, men Os auka leiinga på cornarar til 4-1 og vann. Løv-Ham hadde frispark frå farleg posisjon, men her hadde keeper Katrine Sørstrønen ein matchvinnande redning oppunder tverrliggar.

Vilde viste musklar

Os hadde lånt med seg fire 13-åringar til 14-årslaget, Vilde Drange Veglo, Agathe Lekven, Malene Fagerthun og Mathilde Sennesvik.

Finalen gjekk mot duellsterke jenter frå Vestsiden Askøy og kampen var lenge spennande.

– Det sto 1-1 til pause og det var 2-2 i cornarar. Men vi putta tidleg i andre omgang og auka på med to til før slutt, fortel Frode.

Os vann 4-1 etter skåringar av Tuva Solberg og tre av dei fire 13-åringane, Vilde Drange Veglo, Agathe Lekven og Malene Fagerthun.

Vilde, som nyleg blei tatt ut på kretslaget, blei dessutan kåra til banens beste spelar i finalen.

Spelarane på vinnarlaget: Katrine Sørstrønen, Amanda Troøyen, Anna Martine Mjånes, Michelle Beracis, Caroline Lundgren, Tuva Solberg, Marthe Gåssand, Ida Blindheim, Andrine Dale Fløysland, Bianca Dale, Vilde Drange Veglo, Agathe Lekven, Malene Fagertun og Mathilde Sennesvik.

– Det var veldig kjekt å avslutta året med cupsiger. Det er dessutan utruleg kjekt med 1. og 2. plass til Søre Neset og Nore Neset i klassen under, at det gror så godt i jentefotballen i bygda, seier Lundgren.

 

 

Fleire saker