Politi | 13. jan. 2022

Trafikkulykke i Os sentrum

Tre bilar involvert.

Trafikkulykke i Os sentrum
(Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. jan. 2022 13:28

Torsdag klokka 14.20 varsla Vest politidistrikt om trafikkuhell i Os sentrum.

Ulykka har skjedd i krysset mellom Byvegen og Stegen.

To personbilar og ein varebil skal vera involvert.

– Det framstår som påkøyrsle bakfrå, truleg i samband med fotgjengarovergangen, seier politiet på staden.

Det var ikkje passasjerar i dei tre bilane.

– Ingen av bilførarane ser ut til å vera skadd.

Det er manuell dirigering på staden.

Det er noko kø på rundt ulykkesstaden, men ifølgje Google Maps si trafikkovervaking strekk ikkje køane seg langt.

Artikkelen blir oppdatert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.