To roarar frå Os skal representera Noreg

Linea Rådmannsøy Lunde og Lars Eirik Vevatne skal ro med flagg på brystet i august.

Linea Rådmannsøy Lunde skal ro firar i Austerrike i august. (Foto: Estela Re-Ma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juli 2021 10:39

Coupe de la Jeunesse i Austerrike (6. til 8. august) og U19-VM i Bulgaria (11. til 15. august) står for tur første halvdel i august.

I slutten av juni kom uttaket.

– Det har blitt gjennomført tre dagar på Årungen med testløp i mange ulike kombinasjoner. Vi har tatt ut ein liten tropp mot U19VM og ein stor tropp mot Coupe de la Jeunesse (CdlJ), skriv roforbundet i uttaksbrevet.

I to av båtane i Coupe de la Jeunesse sit det unge, talentfulle roarar frå Os.

Linea Rådmannsøy Lunde frå Os Roklubb skal i firar saman med Helene Kjeseth (Fana), Marie Grøsfjeld (Stavanger) og Christiane Mohn (Fana).

Lars Eirik Vevatne frå Bergens Roklub skal ro i åttar saman med Hampus Westerberg-Heltne (Drammen), Sander Stundal de Vos (Bærum), Adrian Lund, Ormsund Ask Bergmann (Bærum), Erlend Refsum (Aalesunds), August Holth-Siegel (Årungen) og klubbkamerat Eirik Skage (Bergens).

Lars Eirik Vevatne (bakerst), her saman med Erik Vaktskjold i 2019.

– Første kvinne frå Os

– Vi er glade på Linea sine vegne, og stolte over prestasjonane hennar. Linea er Os Roklubb sin første kvinnelege utøvar som er tatt ut til representera Noreg i meisterskap, seier trenar Lars Erik Jansen.

Os var dessutan nær på å få to deltakarar med i uttaket.

– I uttaket på Årungen rodde Linea både singel og dobbel. Linea og Andrea Bastiansen Kvittingen var nær kvalifisering. I staden blei Linea tatt med i firar basert på prestasjonen i singel.

Os var nær på å få både Andrea og Linea med i uttaket. (Foto: Estela Re-Ma)

– Heldigvis kjem det fleire sjansar for både Andrea og Linea seinere denne sesongen, og ikkje minst til neste år, når begge er sisteårs junior.

Seinsommaren skal Os Roklubb bruka på rekruttering.

Den andre veka i august blir det tre dagar med roskule for ungar fødde i 2008, 2009 og 2010, som eit lågterskeltilbod til dei som vil prøva roing.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.