Sport | 13. mai 2021

Hausta mange medaljar i sesongopninga

Åtte utøvarar frå Os hausta rikeleg med medaljar på Nordåsvannet.

Hausta mange medaljar i sesongopninga
Andrea Bastiansen Kvittingen og Linea Rådmannsøy Lunde tok 1. plass i dobbelsculler i junior A . (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. mai 2021 09:06

Laurdag 8. mai var det tid for årets første regatta for dei unge og talentfulle roarane frå Os.

Det var deltakarar frå Fana Roklubb, Bergens Roklub og Os Roklubb.

– Konfirmasjonar og karantene gjorde at fleire av våre roarar ikkje kunne delta, men vi stilte med fire utøvarar, seier Sissel Lothe Høvik frå Os Roklubb.

I tillegg er det nokre utøvarar og trenarar frå Os som har meldt overgang til Bergens Roklub. Laurdag stilte også fire av desse til start.

Vann 8 medaljar

Andrea Bastiansen Kvittingen og Linea Rådmannsøy Lunde frå Os tok 1. plass i dobbel sculler i junior A med tida 06.23 (1600 meter).

Jonas Werkdal Mandal vann singel sculler junior B med tida 07.11 (1600 meter).

Andreas Tysse tok 3. plass i singel sculler junior C med tida 03.17 (500 meter)

For Bergens Roklub deltok osingane Isak Larson og søskena Lars Eirik, Eivind og Linn Kristin Vevatne.

Bildeserie:

1 av 3

Lars Eirik Vevatne vann gull i HJA singel sculler og sølv i HJA-2.

Eivind Vevatne tok gull i HJB dobbel sculler og gull i mix JB dobbelfirer.

Linn Kristin Vevatne fekk sølv i DJC dobbel sculler og gull i miks JC dobbel firer.

Isak Larson fekk gull i dobbel sculler og gull i HJC-4.

Nye treningsforhold

– Det var ein del spenning knytt til det å delta for ny klubb, men dei er ivaretatt av tidlegare trenarar i Os, og eg synest dei har vist stor framgang, seier Einar Vevatne.

Han trener sjølv utøvarane i styrke og motbakkeintervall to gongar i veka.

– Når du har positive utøvarar som verkeleg legg seg i selen, er det kjekt å vera trenar! synest han.

Etter at nokre av utøvarane og trenarane har meldt overgang, har Os Roklubb fått inn tidlegare roarar som instruktørar.

– Vi har heldigvis fått inn fleire av våre eigne tidlegare topproarar, alle med internasjonal erfaring, for å hjelpa dei beste roarane våre vidare, seier Lothe Høvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.