To selskap og eit næringsråd kan kalla seg Miljøfyrtårn
Kan vera glade for miljøsertifisering.

Kaizen Consult AS og Bjørnafjorden Næringsråd kan no seia at dei er Miljøfyrtårn.
Det kan Johs Sælen & Sønn AS også gjera.
I to nyhendemeldingar frå kommunen der dette er delt, fortel representantar frå dei tre om det å få miljøsertifisering.
Bjørnafjorden Næringsråd er det første næringsrådet på Vestlandet som er sertifisert.
– For oss det utruleg viktig at vi ikkje berre snakkar om det å vere bevisst på miljøet rundt oss, men at vi gjer vår del, seier Synnøve Reksten Mowinckel, dagleg leiar i næringsrådet.
Felleskriteria som alle bedrifter må oppfylle for å bli Miljøfyrtårn, er blant anna forankring i mål og handlingsplan, krav til innkjøp, sortering av avfall, transport og energiforbruk.
Kaizen Consult bistår bedrifter med sertifisering.
- For vår del var transport ut til kundar ein vesentleg faktor i vår eiga miljøkartlegging, seier Elin Huseby som starta Kaizen Consult.
Johs Sælen & Sønn AS er ein stålentrepenør.
- Krava for å få sertifisert ei bedrift som Sælen handlar mykje om kjeldesortering, systematisering og transport. Vi har blant anna meir enn 80 prosent elbil-andel, seier prosjektleiar Svein Gunnar Bolstad i nyhendemeldinga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.