Politi | 06. des. 2022

Mistenkt for MC-køyring i rus - utan førarkort

Vaksen førar av lett MC stoppa av politiet i natt.

Mistenkt for MC-køyring i rus - utan førarkort
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. des. 2022 08:07

Rundt midnatt nat til tysdag stoppa politiet ein lett motorsykkel litt nord for Os sentrum.

– Førar, ein mann i 50-åra, er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande har heller ikkje førarkort.

Tidlegare på kvelden, i 19.20-tida, blei ein brannalarm utløyst i ei bedrift på Søfteland.

– Det var damp frå olje og ein god del røyk. Årsaka skal ha vore lekkasje frå ein leidning.

Brannvesen og helsepersonell rykte også ut til staden. Politiet har ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.