Politi | 12. juli 2021

To ungdomar mistenkte for brannstifting

Blei tatt i nærleiken etter at brannen var sløkt.

To ungdomar mistenkte for brannstifting
Brannvesenet og politiet var raskt på staden då det braut ut brann i bildekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juli 2021 07:21

Fredag klokka 22.35 kom det melding om brann i ein haug med bildekk bak verkstaden Carfix i Industrivegen/Byvegen.

Fleire forbipasserande stoppa, ein av dei fekk fjerna det eine brennande dekket frå haugen det låg i.

Mot og handlekraft gjorde at berre dette eine dekket brann. (Foto: KVB)
Mot og handlekraft gjorde at berre dette eine dekket brann. (Foto: KVB)

– Dette kunne resultert i mykje forureining og ein krevjande sløkkejobb, sa utrykningsleder Yngve Eriksen frå Bjørnafjorden brann og redning.

– Det ville blitt fare for spreiing. Dekk brenn med høg temperatur, gir mykje røyk og ein giftig gass.

Tatt i nærleiken

Etter å ha avslutta på staden, og snakka med fleire vitne, møtte politiet nokre ungdomar som liknar dei som var skildra av vitne.

– Vi har oppretta sak. Dei er mistenkte for brannstifting, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

– Korleis stiller dei seg til det?

– Dei har ikkje erkjent noko.

Brannvesenet dynka dei andre dekka. (Foto: KVB)
Brannvesenet dynka dei andre dekka. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.