Kultur | 11. nov. 2021

Tok BlimE-dansen opp eit nivå

– Vi er heldige som fekk så god hjelp.

Tok BlimE-dansen opp eit nivå
Nærmare 190 elevar samla seg i midtsirkelen for å dansa. (Foto: André Marton Pedersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. nov. 2021 15:02

Det nærmar seg Venneveko, i år har BlimE-dansen temaet; «du er bra nok».

Skulane førebur seg i takt med NRK Super på god gjennomføring av den tilhøyrande BlimE-dansen, som ofte blir filma og delt.

– Vi synest det er eit veldig fint tema for årets veneveke, og ville ta dette med BlimE-dansen eit steg vidare, seier avdelingsleiar ved Lysekloster barneskule, Eirik Skoglund Skåtøy.

Alle elevane, oppunder 190 frå 1. til 7. klasse, deltok. Det same gjorde nokre av dei tilsette.

– Vanlegvis filmar vi tilsette med mobil, no ville vi både tett på og opp i lufta, på ein stødig måte.

Han takkar engasjerte foreldre, eller rettare sagt, ein engasjert far, for at han takka ja til å setja eit meir profesjonelt preg på videoen.

André Marton Pedersen stilte opp. Han har blant anna jobba i NRK før, og er fast leverandør av turvideoar i «Los i Os»-serien til Midtsiden.

Her er videoen:

– Venneveko og dansen er super, og årets tema veldig viktig. Dagens unge, og kanskje spesielt dei som er på veg inn i ungdomsskulealder, kan vera utsette for ei rekkje punkt dei skal meistra. Flink på skulen, god i idrett, fin og sterk, seier Pedersen.

– Mange kan vera god på noko, ingen kan vera best på alt. Prøver du på det så blir du berre sliten, derfor synest eg det er veldig bra å prøva å få ungane til å forstå at dei er gode nok som dei er.

Han nølte ikkje med å takka ja til å filma og klippa videoen klar.

– Vi dansa i går. Etter nokre timar var filmen der. Vi er imponerte og veldig nøgde, seier Skåtøy.

– Eg har ikkje sagt det til André enno, men vi har ambisjonar om å finna på noko spesielt neste år også, så det er ikkje umogleg at eg ringer han fleire gongar.

Avdelingsleiar Eirik Skoglund Skåtøy hadde ikkje problem med å leva seg inn i dansen. (Foto: André Marton Pedersen)
Avdelingsleiar Eirik Skoglund Skåtøy hadde ikkje problem med å leva seg inn i dansen. (Foto: André Marton Pedersen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.