Topp 10 frå ONR-seminaret
Samandrag frå foredrag av ordførar Bruarøy, næringssjef Skotheim, gründer Andersen og kreativitetsprofessor Lerdahl.
Fredag var det seminar, årsmøte og årsfest med Os Næringsråd.
• Les om seks nye styremedlemmar og sjå video frå underhaldninga på kvelden.
Ordførar Marie Lunde Bruarøy held fram der Terje Søviknes slapp taket, med ei fin oppsummering av aktuelle og komande tema som politikarane og rådhuset jobbar med.
Næringssjef Daniel Skotheim er i skotet på fleire plan, og kom seglande inn etter vellykka møte i Bjørnefjorden Matkultur og god start på nyetablert gründerpark i Os sentrum.
Like ny-landa var Linda Andersen og dottera Hanne Catrine, som nyleg blei kåra til årets kunde blant 14.000 hos ASKO, og som dagen før kom heim etter inspirasjonstur til USA.
Hovudtalar for dagen var Noregs einaste professor i kreativitet; Erik Lerdahl.
Samandrag - i 10 punkt
Noko av det vi fekk høyra var nytt, noko var nyttig og mykje var servert med glimt i auget.
Det var ein fin atmosfære og overlapp mellom foredraga fredag, sydd saman og presentert ved Egge, med fleire referansar mellom dei fire foredragshaldarane - frå samarbeidet mellom næringsrådet og næringssjefen til praksis og teori innan kreativitet, der professoren fleire gongar refererte til Er-An Veikro-jentene sitt innslag då han skulle underbygga sine eigne argument.
Her er ti punkt vi trur var ny for dei fleire av dei rundt 50 deltakarane - i kronologisk rekkefølgje:
1. Det kan byggast billige parkeringshus i fjell.
Os kommune jobbar no med utviding av Luranetunet (skal stå ferdig i november), utviding av Lunde barnesule (skal stå ferdig i august), ny ambulansestasjon og utvikling av Os sentrum (Bydraget, der det meste er ferdig i april). Komande prosjekt er ny, dobbel idrettshall på Kuventræ, ny skule aust om elva og nytt parkeringshus i Os sentrum.
– Resultatet av arbeidet med nytt parkeringshus blei ikkje heilt som vi hadde håpa. Siste nytt er at vi har byrja å sjå på området ved den gamle brannstasjonen og Statoil. Vi har òg vore på Sørlandet og sett på rimelege og meir kostbare prosjekt med parkering i fjell, her har prisane variert frå 175.000 til 500.000 kroner per parkeringsplass. Parkering i fjell er litt fram i tid, men tomta rundt Statoil er interessant allereie no, fortalte ordføraren.
2. Os kan læra av Fusa.
Frå 2020, om knappe tre år, er Os og Fusa same kommune.
– Vi er gode på mykje i Os, men må ikkje tru at ikkje Fusa har noko å koma med. Vi har mykje å læra av våre nye sambygdingar, innan næringsliv, for eksempel, ligg dei eit hestehovud framfor oss, sa Bruarøy.
3. Det gror i gründerparken.
Næringssjef Daniel Skotheim fekk ros av avtroppa leiar for næringsrådet, Anita Egge, ikkje minst for lynrask etablering av gründerpark. Den nye gründerparken til Os kommune, som har offisiell opning førstkomande fredag, har allereie fleire leigetakarar.
– To spennande leigetakarar er på plass, den tredje skal eg signera med over helga og fleire andre er på veg. For 2500 kroner per fleksible arbeidsplass får leigetakarane kontor, breiband, kaffimaskin - og eit godt miljø å jobba i, sa Skotheim etter at ordføraren kunne fortelja at vi er på 56. plass i Noreg når det kjem til næringsetablering.
4. Mat + turisme + næringsliv.
Os kommune og næringssjefen sitt fokus på matproduksjon og turisme kan bygga opp under kvarandre.
– Vi vil jobba saman med Os Bondelag, som er 150 år i år, og Os Senrumsforening, om å laga noko ekstra ut av Bondens Dag i år. Kan Os bli ein spiseleg tettstad? Responsen om matkulturen frå Os og nabokommunane er stor og god, og eg bryr meg ikkje om kva kommunen din heiter om du vil vera med på det lokale samarbeidet. Felles satsing kan ha mykje å seia for næringslivet, både innan matproduksjon og turisme, i framtida. Vi har allereie 2 av dei 5 beste hotella i Noreg, Haaheim og Solstrand, rundt Bjørnafjorden.
5. Havarerte på Røykenes - med bilen full av øl.
Sjølv oss som har lest mykje om Er-An Veikro den siste tida, både om etablering, ulike arrangement og kåringa av beste ASKO-kunde, fekk læra noko nytt då Linda Furhovde Andersen fortalte om pølsebuo frå 50-talet som brått blei ein diner omtalt av ei rekkje magasin over heile Noreg; vi fekk høyra kvar det heile starta!
– Eg er fødd og oppvaksen på Fusa, og i ungdommen måtte vi, som osingane, til Kalandseid då vi skulle kjøpa øl.
– Den skrale bilen min var fullasta då eg, på veg heim, havarerte på Røykenes, fortalte Linda, til gapskratt frå salen.
Der møtte ho mekaniker Dag Andersen, som ho seinare gifta seg med. Det var Dag sin far som før landsskytterstemna i Os i 1992 spurde om ikkje svigerdotter Linda ville opna pølsebua igjen. Dag si bestemor dreiv denne i helgene frå 50-talet til tidleg 70-talet. Linda lånte steikepanna til mor og fekk tak i ein frityrkokar på 2,5 liter. Året etter bygde ho kiosken som blei riven då ny diner skulle byggast i 2012 (opning i 2013).
6. Tenk nytt og tenk stort, men ver grundig.
– Eg er ikkje god på budsjett, og eg er glad eg ikkje er god til å rekna, då hadde eg kanskje ikkje våga dette, og heller sete i kiosken på ei ferje, som eg gjorde før, sa Linda.
Ho anbefalte heller ikkje å gå blindt i gang med noko, berre fordi du har ein draum eller ein idé.
– Eg vaks opp i ei tid der dei ikkje var så ivrig med å stilla diagnosar på ungar. Heldigvis. Eg var ikkje flink på skulen, men har energi og eg er sta. Ideen om ein diner var å tenkja nytt og å tenkja stort. Men vi gjorde ein grundig jobb på førehand, blant anna med marknadsføring og besøk av rundt 50 dinere i USA, og vi hadde god dialog med banken. Dei reagerte på at kjøkkenet vårt var teikna inn så stort, noko som gjorde bygget dyrt, men det gjekk kort tid før vi måte utvida.
– Men du kan ikkje sjå på klokka, om du vil få noko til, og du kan ikkje bli sitjande å telja pengar. Trass 1000 gjestar første dag, enorm vekst og nye rekordar, tok det tre år før det var noko igjen på bunnlinja. Sånn er det nok i andre bransjar òg.
7. Kreativitet - viktig i alle bransjar.
Erik Lerdahl, professor i kreativitet, var tidleg tydeleg på éin ting: Det er ei misforståing at kreativitet er ein eigenskap som høyrer til visse bransjar.
Han viste til fleire undersøkingar som både viser at kreativitet blir sett på som den viktigaste leiareigendskapen - og den viktigaste eigenskapen når du skal tilsetja nokon.
– Kreativitet er å skapa noko nytt, noko som har ein reell verdi for sluttbrukar. Innovasjon er ein idé som nokon vil betala for. Med den farten den digitale utviklinga går i kan det å utforska og å skapa bli dei vikitigaste faga i framtidas undervising.
8. 45-50 % av alle møte er bortkasta tid.
– Ei anna misoppfatting er at det berre er i etableringsfasen du skal vera kreativ. «No skal vi vera litt kreativ» seier gjerne sjefen. Det som er ei utfordring er at kreativitet er eit usynleg drivhjul som lett kan bli nedprioritert. Med kreative møte, helst kvar veke, kan møta få høgare verdi. Enkelte er meir kreative personar enn andre, men kreativitet kan lærast. Vi treng eit mønster for å sleppa å læra ting på nytt, men dette kan òg vera eit hinder for nyskaping.
9. Metodikk for kreativitet.
Lerdahl brukte delar av pensum som han bruker til høgskulestudentar han underviser - og deltakarane på seminaret fekk tett med praktiske oppgåver, i grupper og éin og éin.
– Planlegg den kreative prosessen. Kreativ løysingsmetodikk kan brukast på alle typar behov og problemstillingar, sa han.
I kartleggingsfasen handlar det om å finna mogleheiter, så skal du koma med idear og til slutt finna løysingar.
– I alle fasar går vi breitt ut først, for så å ta val før neste fase, vi opnar og lukker, steg for steg.
10. Branwriting - meir effektiv enn brainstorming.
Ei av oppgåvene deltakarane fekk var å koma med idear til korleis Os kunne bli meir synleg. Det kom mange forslag, fleire av dei inneheldt signalbygg. Etter innsats i små grupper gjekk alle over til å skriva ned sine eigne forslag. Så gjekk notatane på rundgang og dei andre skulle bygga vidare på dine idear.
– Når vi driv med brainwriting, i staden for brainstorming, så kan alle sleppa seg laus. Alle får dessutan ordet samtidig, du styrer farten sjølv, og du kan notera alle idear utan å bli avbroten.
– Tannbørsteprodusent Jordan hadde ei tilsvarande øving, dei tok det heilt frå det svavenade og ned igjen på jorda, og det resulterte i fem nye produkt. Ein slik prosess går gjerne i tre faser, frå det opplagte (fleire kjem ofte med same idé), det oppfinnsomme og det gode, det som kan brukast.
– Men det gjeld og å ikkje få eit for kjært forhold til ideane, då kan du gå deg blind. Ikkje bli for hekta, hugs å setja av tid til negativ brainstorm der du ramsar opp alt som kan gå gale, syretest ideane dine - eller «kill your darlings», som det heiter, forklarte Lerdahl.