Kultur | 09. aug. 2018

Tørr og blid på grusen - uansett vêr

Osfest: Riggar over 600 kvm med telt og deler ut gratis poncho, men har selt flest billettar til våtaste dagen.

Tørr og blid på grusen - uansett vêr
Pink Ladies, Monica Sagen Jensen og Veronika Wilhelmsen, deler ut Brun og Blid-poncho under Osfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. aug. 2018 20:09

Etter ein lang, tørr og rekordvarm sommar har meldingane for Osfest-helga sett våte og kalde ut.

Eit døgn før festivalstart har meldingane for laurdag blitt betre.

Kan få opphaldsvêr begge dagane

Både Yr og Storm melder halvering av vindstyrke frå 8 til 4 m/s frå klokka 16 til 17, Yr melder dessutan opphaldsvêr frå klokka 19.00 (Storm melder regn heile kvelden, men lettare nedbørsmengde frå klokka 21).

Yr melder sol heile laurdag, frå skyfri himmel frå klokka 19. Storm melder lett regn fram til klokka 21.

Best sal til fredag

– Hadde vi halde på sommaren litt lengre så hadde eg følt at vi gjekk ein rekordfestival imøte! seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

– Osfest aldri hatt så mange selte billettar inn mot festivalhelga som det vi hadde i går, og vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på programmet, sa Hylland onsdag.

I alt var han då oppe i 1200 billettar, når han tel todagarspass som to billettar. Det er selt flest billettar til dagen med størst sjanse for regn, fredag.

Midtsiden har ikkje fått oppdaterte tal torsdag. Det som uansett er sikkert er at salet i døra har vore avgjerande ved tidlegare festivalar. I fjor blei det selt 570 billettar i døra laurdagen åleine.

• Les òg: Sånn forandra Osfest seg på éin time

– Vêret kan vera avgjerande for dei som førebels ikkje har kjøpt billett. No ser det heldigvis betre ut, vi riggar oss dessutan for best mogleg komfort uansett vêr.

Nesten dobla teltareal

I fjor hadde Osfest eit telt på 171 kvadratmeter, inkludert det som gjekk med til feltkjøkkenet.

I år er dette auka til 180 + 144, altså til saman 324 kvadratmeter.

– I tillegg kjem VIP-området med 2 x 150 kvadratmeter, altså 300 kvadratmeter. Dei får eigen bar med utvida utval, og kan blant anna kjøpa seg ei flaske prosecco og ha på bordet.

Det er lagt ut rundt 300 VIP-billettar, over 200 av desse var selt på onsdag.

Pink Ladies held publikum tørr og blid

Ved sidan av utvida teltareal har to venninner frå Hegglandsdalen ordna gratis regnponcho til utdeling.

Monica Sagen Jensen og Veronika Wilhelmsen har fått Brun & Blid med seg som sponsor.

– Vi hadde nokre hundre liggande, og så spurde eg eigar om ho villa kjøpa inn og dela ut fleire. No har vi nesten 2000 stykker, seier Veronika, som er driftsleiar på Brun og Blid Os.

Sjølv skal ho og venninna uansett kle seg i rosa.

– Det starta med at vi skulle på Osfest-arrangementet på Nore Neset vesle nyttårsaftan, og så gjekk eg forbi desse jakkane på Lagunen. Det blir alltid stemning når folk kler seg ut, tenkte eg, og kjøpte to.

Det blei Pink Ladies-stil både på Nore Neset, i Vognhallen i juni og på fleire festivalar i sommar.

– Men vi kan ikkje berre ha det kjekt, fredag skal vi vera frivillige, mens laurdag har Monika bursdag, så då deltar vi som publikum mens andre får dela ut poncho, om det skulle koma nokre dropar.

Monika har jobba frivillig under Osfest to gongar før, og har i forkant promotert festivalen frå dyrebutikken sin i Os sentrum.

– Om du har dyr, så ikkje klipp av festivalbandet ditt før ut i veka. Alle som har festivalpass på seg på måndag får eigne rabattar i butikken min, lover ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.