Tre plassar opp
Os Musikkforening godt nøgd med plasseringa i NM. – I kveld blir det feiring med kake på øvinga.
Os Musikkforening tilbrakte helga i Trondheim for å delta i NM for janitsjarkorps.
– Det er alltid kjekt å vera der oppe.
– I år er vi i tillegg veldig nøgd med resultatet og plasseringa, fortel Ruth Elin A. Midtbø.
Spelte for lenge
Med dei to stykka «Toccata e corela» av John Brakstad og «Jubilee Overture» av Philip Sparke spelte musikkforeninga seg inn til ein fin 6. plass med 90,5 poeng. 4,5 poeng bak Arendal Byorkester som vann 3. divisjon.
– Eg ser på resultatlista at de har fått eitt poeng trekk, kvifor det?
– Vi brukte for lang tid.
– Det er slik at vi har ei viss tid vi må halde oss innanfor. Nyttar vi lengre tid blir det poengtrekk.
– Det gjorde vi denne gongen, så da blei det eitt poeng i minus, forklarar Midtbø.
Hadde dei halde tida, hadde dei klatra ein plass høgare, då dei ville ha passert Åsane Musikkforening som tok 5. plassen med 91 poeng.
Sat med blanda følelse
Korleis de to dommarane vurderte framføringa fekk ikkje korpset vita før seinare på kvelden under den store festkonserten.
– Alt i alt så hadde vi vel ei god følelse når vi var ferdige med å spele.
– Vi var godt nøgd med mykje og litt mindre nøgd med noko anna.
– Det er jo gjerne slik det er. I tillegg så blir vi vel litt prega kvar og ein av oss ut frå korleis vi føler vi sjølv har gjort det.
– Det er ikkje alltid like enkelt å sjå totalen om ein kanskje føler ein har bomma litt på ei tone eller kome litt sein inn i ei takt.
– Dessuten får vi jo ikkje med oss alle dei andre korpsa vi konkurrerer mot, så det er alltid spennande når resultatlista blir presentert på kvelden.
– I år er vi godt nøgd, så i kveld blir det feiring med kake på øvinga, avsluttar Ruth Elin A. Midtbø.
Lurar du på korleis dei førebudde seg til NM kan du ta ein titt her.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.