Lokal | 27. okt. 2017

Treng meir tid

Bjørnafjorden kommune: Å velja medlemmar til to utval viste seg å ikkje vera berre enkelt.

Treng meir tid
Fellesnemnda hadde møtet på Lunde barneskule torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. okt. 2017 08:03

I fellesnemnda torsdag skulle politikarane utnemna sju medlemmar til kvart av dei to utvala Tenesteutviklingsutvalet og Samfunns- og næringsutvalet.

I førre møte bestemte politikarane at dei to utvala skulle opprettast med sju medlemmar i kvart, og at leiaren for kvar av dei skulle komma frå tenesteutvalet. I tillegg blei det bestemt at den kommunen som fekk leiaren, skulle ha mindretalet i utvalet.

– Eg vil be om at vi utsett saka til neste møte. Vi ønskjer ei brei samansetning i kvart av utvala, då treng vi tid for å få det til. Vi har òg snakka om at vi kunne nytta folk i kommunestyret. Spørsmålet er om vi ikkje kan lempa litt på det, slik at vi også kan nytta varafolk, innleia Helge Steinum (Ap).

Treng ikkje koma frå fellesnemnda

Steinum fekk tverrpolitisk støtte frå Gustav Bahus (Frp).

– Eg tykkjer det er fornuftig å utsetta. Det er viktig at dette er godt forankra i partigruppene. No kan eg berre snakka for mitt eige parti, men det er viktig at vi får dei beste folka. Eg ønskjer også at vi gjer ei endring i dag, kor vi fjernar punktet om at leiarane må komma frå fellesnemnda og at medlemmane kan koma frå varalistene til kommunestyra, slik at vi får breiast mogleg samansetning og fagleg erfaring inn i utvala. Det blei ganske snevert når vi sa dette i førre møte, kommenterte Bahus.

Vil kreva meir av leiaren

Det var brei semje rundt bordet om utsettinga.

– Me har litt den same kampen i Fusa som de har på Os. Det er positivt at folk er engasjert i, og villige til å nytte fritida si på å skape ei ny kommune. Eg forstår det Bahus seier og har ikkje noko problem med det, men hadde helst sett at leiaren kom herfrå. Det vil vera med på å sikra kommunikasjonen mellom fellesnemnda og utvalet. Det vil kreva litt meir frå leiaren i utvalet om den må møta også i fellesnemnda for å orientere, sa Mikael Leigland (Sp).

Han fekk støtte frå Lars Erik Dalland (H).

– Eg støttar det. Når vi først skal endre kritera, så trur eg vi skal ha med at det er fellesnemnda som velgjer leier og nestleiar, supplerte Dalland.

Dermed utsatte dei saka med ei presisering om at medlemmane skal vera folkevalde og velgjast av fellesnemnda og at nemnda vel leiar og nestleiar. Samansetninga av utvala blir som får med tre (inklusive leiar) frå ei kommune og fire frå den andre. Det skal også veljast personlege varamedlemmer til utvala.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.