Kultur | 05. mars 2016

Trine, Myrna og 123 frivillige til Osfest

Laurdag held Osfest kickoff for dei frivillige på Nore Neset med Myrna Braza på scene. Ho kjem tilbake på sjølve festivalen. Det gjer òg Trine Rein.

Trine, Myrna og 123 frivillige til Osfest
Tor Egil Hylland gler seg over 123 frivillige så langt og at Myrna Braza og Trine Rein kjem til festivalen (foto: Andris Hamre/pressefoto)
Andris Hamrelørdag 05. mars 2016 21:23

I samband med kickoffet for dei frivillige på Osfest i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus laurdag ettermiddag og kveld lanserte festivalen to nye artistar.

Trine Rein og Myrna Braza klare for Osfest 4.-6. august.

– Vi er glade for å kunne lansera to av landets beste kvinnelege sangerinner. Trine Rein er ein suveren artist som leverer popmusikk av høg kvalitet. Myrna Braza har blitt kalt vestlandet si souldronning og er aktuell med nytt album.

– Vi er kjempenøge med å få desse til festivalen, seier Tor Egil Hylland og Ole Reinert Berg-Olsen i festival-leiinga.

Trine på cruise

Trine Rein skal i tillegg til spele på festivalområdet også vera artisten på cruiset laurdag klokka 14.

– Då kan ein oppleve Trine Rein i ein intimkonsert på vakre Bjørafjorden. Billettane blir lagt ut allereie i morgon, fortel Tor Egil Hylland.

Trine Rein slo igjennom i 1993 med kjempehiten «Just missed the train», som var på albumet «Finders, Keepers». Eit album ho fekk spelemannsprisen som årets nykommar for.

123 har meldt seg, 660 står på liste

I sambandet med kickoffet opna festivalen for dei frivillige å sette seg på dei forskjellige vaktene og oppgåvene.

– Vi hadde ei enorm tilstrauming då vi opna dørene klokka 18. Det har vore mange innom og vi har nett no 123 frivillige på plass på forskjellige vakter og oppgåver. I tillegg har vi ei database med 660 namn som enten har vore med tidlegare eller har sagt dei er interesserte i å vera med. Mange av dei har registrert seg på heimesida vår.

– Vi veit jo ikkje nøyaktig kor mange vi treng, men vi må nok opp i 350 i allefall, seier Hylland.

I april i fjor var tilsvarande tal over folk som hadde satt seg på vakter 140, så festivalen ligg godt ann.

Sel billetter i Fredrikstad

Hylland fortel at dei har fått særs gode tilbakemeldingar på festivalprogrammet, etter at dei slepte Neil Finn som siste artist på hovudscena tidlegare i veka.

– Det er kjekt å sjå at billettsalet allereie har byrja. Vi sel faktisk meir utanbygds enn vi gjer i Os om dagen. Blant anna har vi fått bestillingar frå Fredrikstad og Stavanger i tillegg til Bergen. Det kan sjå ut som vi er i ferd med å bli den festivalen vi håpa på, som famnar eit større område enn berre lokalt på vestlandet, avsluttar Hylland.

Sjå Midtsiden si samleside om Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.