Oddbjørn Aspenes (t.h.) med fulltreffar i kampen om 3. plassen. (Foto: KVB)
Oddbjørn Aspenes (t.h.) med fulltreffar i kampen om 3. plassen. (Foto: KVB)

Trippel NM-bronse på heimebane

Os Karateklubb var 5 sekund frå finaleplass med det eine laget. I staden blei det tre bronsemedaljar på heimebane.

Kjetil Vasby Bruarøy
28. november 2015 - 18:36

I dag arrangerte Os Karateklubb NM for første gong, lag-NM og noregscup blei arrangert i Oshallen og blei høgtideleg opna med nasjonalsongen og tale av kultursjef Lisbeth Axelsen.

Les òg: Laurdag kan du sjp karate-NM i Oshallen

Tre mot tre har deltakarane, som kom frå blant anna Mo i Rana, Oslo, Sarpsborg og Stavanger, kjempa om NM-titlane.

Os stilte med to seniorlag og begge tok bronse. Også ungdomane enda på delt 3. plass.

Førstelaget leia den siste og avgjerande kampen i semifinalen, men motstandarane hadde teljinga og visste at Os hadde tre åtvaringar etter å ha vore utfor matta.

Då det sto fem sekund igjen klarte den høge og sterke motstandaren frå Tiger Karateklubb å brøyta Os sin ankermann utanfor, og finaleplassen rauk.

Midtsiden kjem tilbake med meir om NM, bildeserie og video.

 

Les meir om

Sport Kampsport